2009 – Ålfoten extravaganza

Det her gir meg absolutt ingen glede.

Erlend er apatisk og slørete i blikket der han lett krokbøyd står og sug på Kamelpukkelen sin ved ein bekk i Grønskredene ved Fessevatnet i Nordalsfjorden.

Heile fotoserien frå turen finn du her.

Ingenting e lett, alt e vanskelig. Aldri flatt, aldri rett fram. Eg e dritlei, rett og slett.

Erlend står midt oppe i nok eit hinder i vegen

Til Erlends forsvar så kjenner resten av følget på dei same kjenslene i varierande grad. Vi er på femte og siste turdagen i eitt av Noregs mest fascinerande og særmerkte landskap, Ålfoten i Sogn og Fjordane, eit landskap det i utgangspunktet er idioti å freiste å forsere fordi det er ein grunn til at landskapet er fascinerande og særmerkt.

If allmennkunnskap = ein god ide then les vidare else hopp over 7 avsnitt

Frå avstand ser fjella i delar av Ålfoten ut som ei skakk trapp for kjempar der trinna som regel hallar 15-25 grader frå vest mot aust. Trappetrinna, eller ”legdene” som dei vert kalla på folkemunne, kan vere frå 10-100 m høge der kantane som regel går svært bratt ned til neste legd. På geologilingo er desse fjellformasjonane samla under begrepet ”devonsystemet”, og mellom meg og deg går du ikkje på ein smell om du gissar at dei oppstod under den geologiske perioden ”devon”. No går rett nok 417-354 millionar år snøggt når ein har det moro og er i godt selskap, men likevel gissar eg på at også geologane leika gisseleiken saman når dei skreiv historia om devon. I vitenskapens namn må eg då føye til at eg håpar det dei driv med er kvalifisert gissing.

Skakke trapper

Stor og skakk trapp i Ålfoten

I den geologiske perioden før devon, som har fått det nydelege namnet ”silur”, svikta ABSen til den nokså store nord-amerikanske steinplata som Grønland ligg på. Ute av stand til å rette opp sladden sjaga den over i motgåande køyrefelt og kolliderte front-mot-front med ei anna uendeleg kraft, den baltiske steinplata, som kom imot i vestgåande retning. Uflaks. Frontkollisjonar er stygge saker, og denne kollisjonen var ikkje noko unntak, sjølv om slike kollisjonar mellom kontinent tek noko lenger tid enn kollisjonar mellom bilar på norske vegar. Etter å ha utveksla energi og følt kvarandre på minerala i nokre titals millionar år vart det likevel til slutt tilnærma stillstand.

Katastrofeområdet såg ikkje ut. Delar av platene hadde sklidd under motgåande plate og var pressa langt ned i jorda, medan dei platene som sklei over no låg langt inne på feil kontinent og så smått følte seg noko malplassert. Nokre stadar hadde og plateendane stuka seg mot kvarandre og pressa kvarandre opp. Alt det ovannemnde, kombinert med moderate doser jordskjelv og vulkansk aktivitet, skapte ei ny fjellkjede; ”Kaledonidene” eller ”den Kaledonske fjellkjede”. Denne fjellkjeda er ei av dei største som nokon gong har oppstått på jorda, truleg var den ein god del større enn Himalaya, og er kalla opp etter området Caledonia i Skottland. Det er faktisk berre der og på Svalbard vi ser restar etter dei opprinnelege toppane i Kaledonidene, som på sitt mektigaste var 6 000 km lang. Resten er erodert ned, ein prosess naturen gjorde unna på småpene 40-50 millionar år.

Erosjon av fjellkjeder skapar avfall i form av sand, grus og leire, og det er no vi byrjar å lukte på kva Ålfoten eigentleg er for noko. Sedimenta frå nedslitinga av Kaledonidene la seg opp i ofte fleire kilometer tjukke sedimentpakkar på elvesletter. Desse sedimenta vart seinare forsteina og omdanna til sandstein. I tillegg fekk vi og danna ein god del konglomorat, ein bergart danna av ras- og urmasser. Konglomorat er lett å få auge på og kjenne att då den som oftast inneheld heile steinar som er ”støypt inn” i sandstein.

Ålfoten kunne med andre ord vore flatt, ein steinørken, eit Mekka for rullestolbrukarar hadde det ikkje vore for jordas lunefulle humor.

Skavisjå. Ka for nokke jævelskap kan eg finne på her. Mon tru ka som skjer om eg trykka ned østenden litt og løfta litt på vestenden.

Det vert jævlig kupert.

Første blod

Turen gjekk frå Førdedalen i Ålfoten i nord til gravplassen i Nordalsfjorden i sør og skulle take fem dagar. Med meg hadde eg to gamle røvarar frå tidlegare eskapadar, Erlend Hovland og Øystein Stavø frå Florø, samt ein ”nykommar” frå Stavanger, Håvard ”Wibe” Wibe. Tre sunnfjordingar, ein Siddis. To notoriske kverulantar, to fredselskande helgenar. To som er fødde med helseskadelege mengder sjølvtillit, to som er fødde med solide dosar sunn skepsis.  Fire menn med tunge sekkar og fiskestenger.

Det ligg ofte eitt eller fleire grunne vatn på legdene, og med mange legder vert det mange vatn. Alle vatn må ha eit namn, og det er viktig at lokalsamfunnet tek oppgåva med namngjevinga med det største alvor. No bryr ikkje fjordingen seg så sterkt om konseptet med særnamn; det er trass alt andre og viktigare ting å tenke på her i livet:

  • Sild og poteter.
  • Stein i åkeren.
  • Storm og uver.
  • Naud og daud.

Namngjevinga har difor ikkje fått høgste prioritet og enn så lenge vatna ligg uvegsamt til har ikkje det oppstått episodar som har kunna bidra til eit enkelt og kjapt val av særnamn. Druknar ein mann i vatnet er valet enkelt. Det må verte Daudmannsvatnet. Er det grenselause mengder med ovstor fjellaure i vatnet er det og enkelt. Fisklausvatnet. Men her er vi altså i usivilisert ingenmannsland og då vert det vanskeleg. Difor lyt ein tenke enkelt.

Ein populær variant er å nytte alfabetet, noko dei har nytta seg av lenger aust i Ålfoten der vi finn X- og Y-vatna. Ein annan lettvint utveg er å nytte høgda vatnet ligg på, til dømes Vatn 895. Men der både alfabetet og høgdene vatna ligg på tek slutt har fjordingen funne ein siste kløktig utveg. Den uendelege talrekka. Det lågastplasserte vatnet kallast Einvatnet, det neste oppover i systemet kallast Tovatnet og så oppetter. Då er det og sjølvklårt matnyttig å nytte høvet til å gjeve legdene namn etter vatna, til dømes Åttarlegda der Åttevatnet ligg.

Vartdal senior har køyrt oss heilt inn til inste Førdedalen i Ålfoten på ein grusveg av varierande kvalitet, og med akillessener på bristepunktet sig vi no oppover den bratte og jamne Åttarlegda tidleg i juli 2009. Veret er foruroligande godt, det er faktisk opplett, og vi har lasta opp sekkane med biff og pils.

F.v. Erlend, Øystein, Wibe og Egil. Inst i Førdedalen.

F.v. Erlend, Øystein, Wibe og Egil. Inst i Førdedalen.

Akkurat det med kjøtt og øl verka som ein sjukt god ide på Rema i Florø, men akkurat no i bratta er det meir ein ide å verte sjuk av. Wibe, som har tilbrakt ein del tid på familiehytta ved Samsjøen i sumpfylket Sør-Trøndelag, får fort føling med bratte og brutale høgdemeter, ein terrengtype som står i sterk kontrast til myr- og heilandskapet i indre Trøndelag. Den regionale fjellskomoten i Trøndelag er forresten høge jaktstøvlar, eit skotyg som visstnok skal vere svært så behageleg og godt å gå i. Vi som har vore og trakka litt i blaut undergrunn i Trøndelag veit at den einaste grunnen til å gå i høge jaktstøvlar er fordi ein konstant går med blautmyra til langt opp på leggen. I tillegg er det svært flatt, noko namna på fjelltoppane gjenspeglar. For kor tøff følar ein seg eigentleg når ein står på toppen av Storstuggusjøvola? Eller på Storheia, Trondheims høgaste fjell? Vola? Heia? Ka gir du meg.

Akillessener i full strekk

Akillessener i full strekk

Og det var kanskje skotyget som førte til at Wibe gjekk på turens første smell opp mot turens første teltstad ved Åttevatnet. Uvan med å faktisk auke potensialet til jaktstøvlane sine kosta den ekstra lærvekta på støvlane dyrt, og sjølv om han smilar på alle bileta frå denne etappen var det ein bleik og sveitt Wibe som kom seg opp til vestenden av Åttevatnet. Humøret steig likevel betrakteleg når vi fekk trykt ein del Firkløver inn i trynet på han. Etter å ha montert fiskestenger trakka vi oss austover mot teltplassen.

Når ein først har kome seg opp på legda er det stort sett ein kurant sak å gå langs lengda innover på fjellet. Underlaget er slett og fast å gå på, noko isbreen har sytt for, og den devonske sandsteinen har svært gode friksjonseigenskapar. Det er likevel eitt problem som du konstant vil føle på kroppen når du går på tur i dette området. Alt er skakkt og hallar med ein ikkje ubetydeleg vinkel frå sør til nord. Når du då går langs legda frå vest mot aust finn høgrefoten fast grunn 30-40 centimeter høgare enn venstrefoten, og når du då endeleg får plan grunn under legemet att har du lett slagside mot styrbord.

Terrenget langs Åttevatnet er til å verte skakk av Terrenget langs Åttevatnet er til å verte skakk av

Etter fortæring av biff og pils og dermed letting av sekken, vart det spede forsøk på fisking utover kvelden og natta. Det finnast fisk i vatnet, men mengdene og storleiken var ikkje større enn at den blei nytta som frukostsupplement.

Fiske kl. 02.00 ved Åttevatnet Fiske kl. 02.00 ved Åttevatnet
Underteikna fekk forøvrig turens minste aure, knapt større enn ein Lillauren 12 g, og fekk til alt overmål lura Erlend til å posere med den. Han ser svært så stolt ut der han held storfisken i sporen.
Storfiskaren

Storfiskaren

Driftige nordmenn har vore i området før, men då i heilt anna ærend. Høge fjell og mykje vatn er ein god kombinasjon for den som vil tene pengar. Folk flest drit i kvar pengane kjem frå, berre dei kjem, men her kjem altså pengane frå sal av fornybar vasskraft. Dette gjer overgrepa mot naturen som denne ressursutnyttinga fører med seg, hakket meir stovereine, sjølv for hardbarka lyng- og kantarellentusiastar, men at det set eit visst preg på fjellheimen er ikkje til å kome vekk ifrå.

Problemet med vatn er at det er må lyde normale fysiske lover. Tyngdekrafta er ein av desse lovene og sjølv om det er tyngda på vatnet som gjev lys i pæra, fører dette også til at vatnet har ein lei tendens til å renne unnabakke. Denne medfødte obsternasigheten gjer at vatnet ofte stikk av i feil retning og slett ikkje endar opp i det fine vassmagasinet vi hadde laga oss i nabovassdraget. Men menneskeætta veit råd. Newton kan ta seg ei bolle. Her i garden tilber vi Alfred Nobel, oppfinnaren som fann ut at nitroglycerin kunne nyttast til meir matnyttige formål enn hjertemedisin.

Dynamitt.

Og slik har Ålfoten vorte perforert av hol i fjellet. Nivatnet fann det for godt å renne ned i Førdedalen og ut i Ålfotfjorden i nord og ikkje ned i Hjelmevatnet lenger vest der det var bygd dam, kraftverksinntak og gode greier. Totalt uaktuelt.

Kablam!

så var legda perforert og vatnet kjem ut på nedsida av legda og styrtar ned i Åttevatnet. Men helvete! Åttevatnet prøvar og å sleppe unna klam menneskehand med å bikke ned i Førdedalen i nord.

Fyyyyyre her!

Ein serie dumpe drønn seinare er nok ein tunnel eit irreversibelt faktum og vatnet er leia inn på den rette veg, dit vi vil at det skal renne, ned i Sjuvatnet.  Kom ikkje her og prøv deg på meg, menneske og naturens overmann… eh, overkvinne… overmenneske!
To elver kjem rett ut av fjellsida. Elv frå Nivatnet bakerst, elv frå Åttevatnet fremst. Magi? Nei. Dynamitt.

To elver kjem rett ut av fjellsida. Elv frå Nivatnet bakerst, elv frå Åttevatnet fremst. Magi? Nei. Dynamitt.

Vannvittig (sic)! Modigheten! Sjuvasselva vil heller ikkje bøyge seg for overmakta? Neivel, då bygger vi dam i betong og blåser meir hol i fjellet.

BOOM! HAH! DØ DIN KJØTER! DU ER MIN!

Svart hol i fjellet ved Sjuvatnet bankar vatnet til fornuft

Svart hol i fjellet ved Sjuvatnet bankar vatnet til fornuft

Sjuvatnet renn då altså ned i Seksvatnet og Seksvatnet, velsigne den gamle vannpytten, har skjøna teikninga og let vatnet sitt renne ned mot Hjelmevatnet og turbinens skjønne og brutale famn. Slik fekk Svelgen Smelteverk straum nok til å produsere jarn og drepe alt biologisk liv i ti mils omkrins med avgassane frå produksjonen. Ah, naturens krinslaup er herleg. Det gjev og tek med smil om munn.

Vi passerer altså tunnelar en masse i vår ferd nedover Tivatna. Utforminga av alle tippane frå tunnelbygginga står vel ærleg tala noko tilbake for det vi hadde akseptert som kosher i 2009, men på 60-talet visste dei ikkje betre, stakkars menneska. Vi tilgjev dykk, de som utan andre hjelpemiddel enn handemakt, primitiv reiskap og ein skvett dårleg brennevin dreiv tunnelar høgt til fjells og langt frå folk. Dessutan, utan gamle synder står vi berre att med nye.

På toppen av sjuarlegda er utsikta god nedover Tivatna. Seksvatnet vart prøvefiska, men alt tyder på at dette vatnet er fisketomt.

Seksvatnet. Så Fem- og Firevatnet i syninga.

Seksvatnet. Så Fem- og Firevatnet i syninga.

På kanten av seksarlegda er horisontal avstand ned til Seksvatnet, som ligg 40 meter under oss, kring åtte millimeter. Det er altså bratt, sjølv for ein sunnfjording, men der austlendingen (les: ein frå Oslo) ville ha gått i koma med behov for respirator og tung medisinering over tanken på forsering av eit slikt hinder, bygde sunnfjordingen stigar. På folkemunne går dette partiet under namnet ”Stegane”. Stegane, som er sett saman av ein horisontal stige og to vertikale stigar, går høvesvis over ein tunnelmunning og opp to meir eller mindre loddrette fjellveggar.

Det er den øverste stigen som er lengst og brattast, og det er dette partiet som ville ha vore umogleg å forsere utan klatreutstyr. Råtne trerestar som ligg ved foten av den øvste stigen vitnar om at det er stigereinkarnasjon nummer ein vi, med hjarteflimmer og dødsangst, stavrar oss ned. Versjon to av stigane er laga av det som ser ut som impregnert 2” x 4”, truleg snekra saman av lokale driftige  hjortejegarar for 10-20 år sidan, og festa til fjellet med inngyste fjellboltar. Sjølve stigane er i svært god stand men fjellboltane har byrja å kjenne litt på effektane av korrosjonens klamme grep. Likevel er stigane fullt brukbare i mange år framover.

Øvste stegen

Øvste stegen

Stigen over tunnelmunningen er laga av stålprofilar og lagt opp på inngyste fjellboltar. Ut frå det vi såg er denne stigen av original kvalitet, og sjølv etter at tanngarden til tida har gnage på stigen i 40-50 år er den etter høva i forsvarleg stand. Litt rust gjer berre livet litt meir spanande. I tillegg er det montert eit nytt ståltau som haldepunkt langs stigen, noko som gjer at det heile fortonar seg meir som ein spasertur i parken enn ein traumatisk travers gåande på ein 50 år gamal gjennomrusta stige over ei frådande elv som kjem ut av eit svart hol i fjellet.

Rust, hol i fjellet, bekymra sunnfjording

Rust, hol i fjellet, bekymra sunnfjording

For arkiva så lyt eg nemne at det går an å forsere dette partiet på naturmetoden med å gå ned ei bratt glyfse i fjellet noko vest for Stegane. Då lyt ein også belage seg på å krysse elva heilt nede ved Seksvatnet.

Stegane

Stegane

Etter å ha forsert Stegane er alle i ovgodt humør. Fulle av pepp og sjølvtillit etter å ledd dauden opp i andletet og åla oss ut av fandens sveitte famn, held vi eit godt tempo ned ein av dei famøse tippane eg tidlegare har nemnt; tippen som går frå tunnelmunninga og nesten heile vegen ned til Femvatnet. Her er massane berre skyfla ut og dumpa nærast mogleg tunnelmunninga, og massane ligg laust lagra på rasvinkel. For den tungnemme lesar kan eg opplyse om at ordet ”ras” i det samansette ordet ”rasvinkel” tyder på at denne vinkelen er alt anna enn stabil. Massane ligg altså på grensa til å rase, og den laust lagra sandsteinen formeleg skrik etter den forløysande dytten som gjer at den kan bytte ut 50 års nitrist stillstand med fire sekund med hasardiøse og leikne hallingkast i skråninga ned mot Femvatnet.

Då er det jaggu godt Erlend og Wibe høyrde skriket om hjelp. Medan eg og Øystein anar alt anna enn fare ti meter lenger nede i skråninga, set Erlend og Wibe ei adrenalinsprøyte i armen på eit passe stort eksemplar av ein av geologiens verste adrenalinjunkiar, Ålfotensandsteinen. Den triv sjølvklårt sjansen med brutal makt og kastar seg ut i leikent svev, berre avbrutt av korte kontaktar med bakken, og dundrar med fryd og lyst mot dei to idiotane som valde å gå først.

Pass opp!

ropar Erlend.

Eg snur meg og kikar eit stykk særdeles unykter samling med mineral i kvitauget. Eg får hoppa til høgre og ut av bana til steinjævelen, men det siste eg ser før eg må snu meg vekk for vinne att balansen er at den tek peiling rett mot Øystein. På dette tidspunktet er steinen høg som eit fjell og passa forbanna for at første offer slapp unna.

Her blir det faen ikkje lett å få frakta ut kista

tenker eg og snur meg mot det som no er nødt å vere eit blodbad.

Plask!

Steinen treff Femvatnet og går ein lang periode med tidenes bakrus i møte. Øystein står og lener seg mot skråninga, kikar opp mot dei to drevne doplangarane våre og går eit noko lenger liv i møte.

Øystein vann, steinen tapte.

Øystein vann, steinen tapte.

Fisket i Femvatnet er tåleleg godt med ei snittvekt på cirka tre hekto.

Når vi kjem til utløpet av Firevatnet står vi plutseleg ovanfor eit vanskeleg val. Nokon har bygd ei bru over elva, og det vert då diskusjon kring ymse problemstillingar. Her nemnast kun eit utval.

1)      Kverulantkameratane, Erlend og Wibe, påstår hardnakka at vi ikkje kan vite om brua skal nyttast til å krysse elva for å gå på sør- eller nordsida av Trevatnet når vi går vestover. Det er klin forbanna umogleg å gå langs sørsida av Firevatnet grunna loddrett terreng, og vi gjekk på nordsida for å kome oss til Trevatnet. Dette meinar eg og Øystein er vektige argument for at brua skal nyttast til å ”skifte side”, og at det difor er meininga å gå på sørsida av Trevatnet sidan vi måtte gå på nordsida av Firevatnet. Knoll og Tott ristar berre på hovudet av slik sjuk logikk.

2)      Korleis kan vi vite om brua har ein misjon? Kan hende har nokon berre hatt lyst til å bygge ei bru midt i audemarka.

3)      I luftline er det mykje kortare å gå på nordsida av Trevatnet ned til utløpet av Trevatnet enn det er å gå på sørsida.

Konfliktens bru.

Konfliktens bru.

Det endar sjølvklårt som det må ende; vi går på kvar vår side av Trevatnet nedover vassdraget. Eg og Øystein trakkar over brua medan Erlend og Wibe trakkar i myra.

Femten minutt seinare står dei to duoane og ser på kvarandre frå kvar si side av ei relativt djup og kald elv rett nedstraums utløpet av Trevatnet. Vi kom fram nokonlunde samstundes, men det som er heilt klårt frå det vi no kan sjå av terreng vidare nedover Tivatna er at det er relativt uaktuelt å gå på nordsida av neste vatn, Tovatnet, for å kome oss vidare. Eit fleire hundre meter langt loddrett fjellparti er sterk kost, sjølv for den som er sterk i tru og kjeftament. Motvillig innser Nordsideekspressen at dei ikkje er like høge som kjeppane i området og at dette er eit kors dei ikkje kan gå oppreiste til. Her må det vassast.

Nordsideekspressen skiftar spor.

Nordsideekspressen skiftar spor.

Vel over elva finn Wibe ut at fiskekrokar er nokså skarpe saker då han på elegant vis køyrer ein inn i handflata si. Mothaka på krokspissen glimrar med sitt fråvær på luftsida, men glitrar med sitt nærvær på innsida. Det er jo berre ein ting å gjere i ein slik situasjon; køyre heile stasen gjennom og ut av handa, klippe av krokspissen og trekke ut att kroken.

Etter å ha lagt fiskekrokincidenten bak oss stimar vi vestover og er rimeleg sikre på at resten av dagen no er plankekøyring. Stegane er overvunne, brua hadde ein misjon og vi er ein sluk fattigare. Det er då, idet vi rundar ein liten fjellhammar, vi får auge på det som Wibe seinare døyper ”bratt og ulendta”.

Eg nemnde at nordsida av Tovatnet var umogleg å forsere. Frå der vi no står og ser langs sørsida av Tovatnet ser den og rimeleg ufarbar ut. 40-50 meter med loddrett fjellvegg rett i vatnet.

Helvete.

og

Vi må snu og gå rundt.

Wibe er ein kompleks person. Vel er han flink til å kverulere men han er og ein ukueleg optimist. Han kastar av seg sekken, mumlar noko om ”Det må da være mulig å komma seg forbi” og spring ned til vasskanten for å sjekke ut galskapen.

Her e et tau!

Å faen. Nok ein gong undervurderte vi sunnfjordingen. Her var det bygd kraftverkstunnelar og her vert det jakta hjort (som riktignok ofte vert flogen ut med helikopter om dei skyt nokon). Så klårt er det og sørga for at det går an å kome seg inn i området på føtene.

Nede med vasskanten er det berre ein ting å gjere. Vi samlar saman det vi finn av støv, dryssar det ut på marka og bøyer oss i det. Tauet Wibe snakkar om er eigentleg eit ståltau som er festa i inngyste augeboltar og som fungerer som ”rekkverk”. Til å trakke på er det gyst inn fjellboltar i fjellet med jamne mellomrom. Av ein eller annan merkeleg grunn er dei bøygde nitti grader heilt inne med fjellet slik at berre ein liten del av bolten er mogleg å trakke på, men det er nok til å kome seg fram. Det er også montert ein stålstige i eit bratt parti, og der fjellet har overheng og det ikkje er mogleg å nytte trakkboltar har dei spent opp eit ståltau over vatnet som ein lyt balansere på.

Øystein og Erlend gjev seg idiotien i vold.

Øystein og Erlend gjev seg idiotien i vold.

Det heile er så smått utruleg, og det er ikkje med lite varsemd vi startar på traversen. Sekkane er i tyngste laget for klatring og dei er også i overkant voluminøse, men sortert etter bekymrings- og fornuftsgrad klyngar vi oss til fjellsida. Wibe først sjølvklårt, deretter Erlend, så Øystein og til slutt underteikna. Rutas crux er eit utspring i fjellet der ein ikkje ser taka på andre sida og blindt må føle seg fram. Sjølv om det er 20 centimeter ned til djupt vatn heile vegen og dermed rimeleg ufårleg å miste taket, er det likevel spanande nok for underteikna.

Bratt og ulendta.

Bratt og ulendta.

Vi er no komne Tivatna til endes og skodar ut over den nydelege reguleringssona i Hjelmevatnet og Løkavatnet. Ingenting er som ei dekorativ stripe med klinisk daudt terreng mellom vasskanten og den grøne vegetasjonskanten. Det som er noko spesielt med Hjelmevatnet og Løkavatnet er at dei to vatna går saman i eitt vatn når vasstanden er høg.

Einvatnet med Hjelmevatnet i bakgrunnen.

Einvatnet i forgrunnen, Løkavatnet og Hjelmevatnet i bakgrunnen. Finn reguleringssona.

I Einvatnet er det fisk, men den er jamnt småfallen. I Hjelmevatnet og Løkavatnet skal det visstnok vere stor fisk å få men vi har ikkje fått stor fisk dei gongane vi har vore her.

Det ein snøggt finn ut i dette området er at ein kilometer på kartet fort kan verte to eller tre kilometer i røynda. Det er difor lurt å take med seg moderate doser sentralstimulerande medikament for krisemedisinering dersom turmedlemer går i frustrasjonsmetning. Vi løyste dette problemet med grove kvanta sjokolade og nokre flasker med ”fining”, også kalla ”brennevin” utanfor Stavangerregionen.

Vi slår leir ved sørenden av Hjelmevatn nummer 2. Dette Hjelmevatnet ligg sør for det større Hjelmevatnet lenger nord, men må ikkje forvekslast med søre Hjelmevatn som ligg lenger vest. Generelt så er det ikkje alltid like greitt å finne god teltplass i området då breen har forsynt seg grovt av lausmassane, men vi finn likevel ein plass som tilfredsstiller iallefall eit par av dei strenge kvalitetskrava Kverulantkameratane krev av ein god teltplass. Det er bra med fisk i Hjelmevatnet, og snittvekta låg på cirka to hekto.

Øystein i kjend og kjær positur.

Øystein i kjend og kjær positur.

Ingen av oss kan seiast å vere utprega A-menneske, men nokre av oss er meir utprega anti-A-menneske enn resten. Til dømes har Erlend ei døgnrytme meir tilpassa flaggermus enn ansvarleg doktorand og professoremne.

Skyr dagslys. Nattaktiv.

Wibe har take det eitt skritt lenger. I tillegg til å inneha alle Erlend sine symptom på manglande sosial oppetid kan ikkje han vekkast utan utstrakt nytte av avansert mandsjurisk nasehårtortur ispedd truslar om innskrenka kjøt- og brennevinskvote.

Austre Hjelmevatnet med elv frå Bratthammarvatnet til høgre i biletet.

Austre Hjelmevatnet med elv frå Bratthammarvatnet til høgre i biletet.

Underteikna er på dette tidspunktet utpeikt som turleiar og administrerande direktør i Vartdalen smerte- og sjølvpiningsreiser av Wibe. Eg veit at turens neste etappe over fjella i Keipenmassivet og ned til Blåbrebu under Ålfotbreen er den lengste og hardaste på turen, og er difor meir enn nok motivert for ein tidleg avgong. Som nemnt skortar det på evnene til å få dette til blant fleire i følget, og når stølheten frå to strabasiøse etappar riv og slit i utrena kroppar skortar det og på motivasjon og vilje.

Rundevatnet med Vasskaret til høgre.

Rundevatnet med Vasskaret til høgre.

Vi kjem oss likevel avgarde noko etter klokka 11, og sig oppover mot Rundevatnet som ligg på 786 moh. Seine som vi var vart det ikkje fisking her heller, men frå ein tidlegare tur veit vi at det går an å få fisk på opp mot kiloen i Rundevatnet. Vidare stig ruta på mot Vasskaret kor ruta vår treff på den betre merka TT-ruta opp mot Keipen som startar frå Sørdalsvatnet. Herifrå og opp på Keipen står vardane tett, og det er berre å rette ein stor takk til Keipen Turlag som har lagt ned storarbeid med vardinga.

Utsikt mot havgapet frå Vasskaret.

Utsikt mot havgapet frå Vasskaret.

Frå Vasskaret og opp på Keipen går ruta stort sett i urterreng. Truleg er det tine- og fryseprosessar som har verka på fjellyta heile året som har skulda. Det er difor greit å vere noko forsiktig med kvar ein plasserer pailabbane. Når ein stein løsnar vert potensiell energi fort omgjort til kinetisk energi som så kan bli omvandla til sterkt ubehag i det steinen, la oss kalle den Frode, kjærteiknar pannebrasken til ein tilfeldig turkamerat, la oss kalla han Erlend, og igjen finn ro i tilhøvet. No skjedde ikkje akkurat dette med oss, men det er jo lov å drøyme… eh, vere føre var.

Erlend anar fred og ingen stein i røysa.

Erlend anar fred og ingen stein i røysa.

Varden på Keipen er ein sværing og kan sjåast frå alle kantar i godvêr. Om vi ikkje var velsigna med skyfri himmel var vi i alle fall sett i nåde med opplett overskya med gløtt av sol, og vi hadde difor det forgjetta land i sikte når vi kom opp på Keipenplatået.

Det lova landet i sikte.

Det lova landet i sikte.

Overskya ja. Det medfører jo at det var skyer med i reknestykket, og skydekket låg relativt lågt den dagen. Problemet var at det seig lågare og lågare ned etterkvart som vi kom nærare og nærare Keipen.  Når vi kasta av oss sekkane rett under toppen hadde vi varden klårt og tydeleg i trådkrossen, når vi fekk fysisk kontakt med varden 5 minutt seinare var verda grå og fattig. Keipen låg på 1362 moh, skyene låg på 1350 moh. Skyene vann, vi tapte.

Sky high.

Sky high.

Etter å ha take det obligatoriske vardebiletet svima vi oss ned att til sekkane, trådte ut av skydekket på 1310 moh og skifta kurs frå sør mot aust.

Alden, Noregs hest.

Den norske hest, også kalla Alden, i full galopp.

Turen vidare gjekk no under dei karakteristiske toppane Plogen (ja, den ser ut som ein plog) og Saga mot austenden av Storebottsvatnet.

Kvil i motbakken under Plogen.

Kvil i motbakken under Plogen.

Etter ein kort tur opp i skydekket att ved Plogen, med tilhøyrande sirkelgåing i skodda sjølv med hjelp av GPS, sklei vi oss ut på snøbreen under Plogen og Saga.

Snøbreen under Saga. Vi gjekk opp ei hylle i snørenna litt ned og til høgre på biletet.

Snøbreen under Saga. Vi gjekk opp ei hylle i snørenna litt ned og til høgre på biletet.

No venta ei lang og jamn nedstigning langs ei 100 m brei snødekt fjellhylle kor Wibe nytta høvet til å teste ut aking på liggeunderlaget sitt. Han var noko seig i sessen og på trått føre var det eit patetisk syn å sjå på stakkaren som prøva å kuske seg nedover fonna.

Nedstigning er nesten like ilt som oppstigning, og på det lågaste punktet i Grøndalsstorebotnen kunne vi ha skore oss dei møraste biffar av våre Rectus Femoris (den rette … lårmuskelen).

Utsikt ned i Grøndalsstorebotnen. Finn Blåbrebu.

Utsikt ned i Grøndalsstorebotnen. Finn Blåbrebu.

Der vi tok ein sårt tiltrengt pause lot Wibe humla suse. Han fann ei halvdau humle på snøsletta rett under Keipen som han bar med seg ned i varmare strøk. Der kvikna den dog til att etter lett hjartemassasje frå Wibe, og verda er no ei sinnsforvirra rambohumle rikare.

Wibe viser miskunn med mr. Bombini

Wibe viser miskunn med mr. Bombini

Vegen vidare førte til høglytte diskusjonar. Duo de la Qverulante Extraordinaire er sterke tilhengarar av kortaste veg til målet, uansett kor fårleg den vegen skulle vise seg å vere. Dei ville difor hoppe over elva på glatte steinar i ei stri elv rett oppstraums ein 20 m høg loddrett foss. Overlevde dei det ville dei måtte krysse endå ei elv som var endå striare og brattere, og som vi nesten ikkje såg frå der vi stod. Duo de la Survival Sensible la seg heller på ei mjukare linje og fekk skrudd galskapen ned til defcon 3 med å delvis ramle ned ei bratt skrentside langs eit hjortetrakk for å kome oss ned til eit flatare område i elva.

Erlend og Øystein demonstrerer delvis ramling i hjortetrakk.

Erlend og Øystein demonstrerer delvis ramling i hjortetrakk.

Her var dei forutnemnde elvene gått saman i ei å, og den einaste fornuftige staden vi fann å forsere floden var rett nedstraums den staden der dei to elvene møttest. Det er og fullt mogleg å krysse elva heilt nede på sandbankane rett før den renn ut i Storebottsvatnet, men då får du ein dryg tur i særdeles jævleg terreng på nordsida av elva.

Her måtte det vassast og dette skulle vise seg å vere einaste staden Wibe fekk nytte av slagstøvlane sine. Korleis han klarte å finne ei rute over elva som ikkje var djupare enn høgda på støvlane har eg framleis ikkje klårt for meg den dag i dag, men han var først over og tørr som eit knekkebrød. Siste stubben over hovudstraumen måtte passerast med eit tigersprang mellom to store steinar litt nedstraums passeringa av første halvdel av elva.

Wibe demonstrerer korleis det skal gjerast.

Wibe demonstrerer korleis det skal gjerast.

Siste kneika opp mot Blåbrebu på tvers av Storebottsegga er ikkje lang, men seig, bratt og så smått legendarisk. Brutalt ærlege høgdemeter var akkurat det alle trengte på slutten av dagen. Mjølkesyra sprutar ut av alle kroppsopningar i det vi bikkar over kanten og kan ta fatt på sjarmøretappen opp mot Blåbrebu. På hytta går Ole, Dole og Doffen i koma medan underteikna må slite, slave og take bilete av slakta.

Ole, Dole og Doffen tek livet heilt med ro. I øvre venstre vindauge lurar eit delmål for neste etappe, Trollebotsnipa.

Ole, Dole og Doffen tek livet heilt med ro. I øvre venstre vindauge lurar eit delmål for neste etappe, Trollebotsnipa.

Om Blåbrebu er det ikkje så mykje anna å seie enn at det må vere ei av dei sjukast plasserte hyttene i DNT-systemet. Om du ynskjer å klatre i veggane rett bak hytta, svippe oppom Ålfotbreen, fiske aureruggar i Storebottsvatnet, gå på toppturar eller bade i brevatn så har du kome til rett plass.

Blåbrebu med utsikt mot Saga og Plogen.

Blåbrebu med utsikt mot Saga og Plogen.

Neste etappe går over Trollebottsnipa ned til Nedre Storebottsvatnet. Frå Blåbrebu opp til Storebottsnipa går vi på slett og jamnt fjell eller snøfonner før det går rett vest på Storebotsnipa.

Panorama frå Storebotsnipa mot Keipen, som såvidt er synleg i skyene.

Panorama frå Storebotsnipa mot Keipen, som såvidt er synleg i skyene. Storebotsvatnet sjåast i underkant.

Vidare må ein følgje ryggen sørvestover før ein snur nitti grader mot søraust og følgjer ei fjellhylle mot Trollebottvatna.

Erlend er furet værbitt. Keipen i bakgrunnen.

I luftlinje er ikkje dette rare strekninga, men når ein kjem på ”lesida” av legda som går opp mot Trollebotsnipa er det bratt, ulendt og uoversiktleg å finne fram. Ofte går ein seg ”skårfast” og må snu og prøve på nytt ein annan stad.

Lesida av Trollbotsnipa.

Lesida av Trollbotsnipa.

Eller gjere som Katastrofetvillingane; klatre, hoppe og risikere livet for å unngå å snu og prøve på nytt ein annan stad. Apekatten Wibe hoppar og sprett rundt på jakt etter bananer og livsfare.

Finn apekatten.

Finn apekatten.

Etter å ha fiska i nokre minutt i dei nedste Trollebotnvatna utan resultat peisar vi på sørvestover og havnar på ryggen aust for Nedre Storebottvatnet. Sol frå skyfri himmel. Stiv kuling frå sør. Ruskut å leggja utpå.

Også her finn vi att spor etter driftige vassbyggarar. Elva frå Trollebotnvatna er ført over til Storebotsvatnet i ein tunnel med eit søtt lite skur i munningen og med ein snasen tipp utanfor.

Vasskraft.

Vasskraft.

Etter å ha kome ned frå skaret rett nord for Myrbærdalsvatna anbefalar eg å gå nord og så vest langs vasskanten på Nedre Storebottsvatnet. Det er ikkje er heilt uproblematisk å kome seg nord igjen til dammen ved Storebottsvatnet dersom ein, som vi gjorde, hamnar på sørsida av det små vatnet rett sør for Nedre Storebottsvatnet.

Dammen er forøvrig ein svært frekk sak som er sett saman av ein trebukkedam og ein stålbukkedam. Slanke tre- og stålkonstruksjonar som held tilbake enorme mengder vatn er snadder. Terrorsikkert, det er det kanskje ikkje.

Trebukkedam. Terrorist med sag.

Trebukkedam. Terrorist med sag.

Vi finn ly frå kulinghelvetet rett nedstraums første fossefallet nedstraums dammen. Skjønt fossefall og fossefall fru Hansen og frøken Figenschou. I fordums tider var denne fossen kraftige saker, etter reguleringa er den redusert til eit lite parentes av ei sildre. Oppsida er at det vert lettare å sove 8 cm ved sida av den.

Vi nærmar oss no turs ende og godt er det. Vi byrja denne soga med Erlend, vår lille aktive krabat, som noko indignert og lett krakilsk proklamerer frustrasjon og dommedag over terrenget i Ålfoten. Vi skal no gå inn i den delen av turen der Erlend ikkje lenger klarar å drikke snøggt nok til at væskenivået i glaset held seg stabilt og at det dermed står i umiddelbar fare for å renne over.

Vi styrer skuta mot Fessevatnet medan vi prøvar å halde 400 moh-kota så godt som råd er for å få ein fin inngang i Ludviksbotnen. Etter lett kliving for å kome seg ned nok ein liten fjellskrent passerer vi høgt oppe i Ludviken og går gjennom eit lite skar på nordsida av ein kolle og kjem ned i Grønskredene eller Det grøne kuperte helvete som det vert døpt noko seinare. Jungel, ur, myr, skrent, vulkanar og meteornedslag i eitt køyr, ingenting er enkelt i Det grøne kuperte helvete, og ein møyr og trøytt Erlend ser ikkje knyttneven tidsnok. Ålfoten sin psykiske ørtæv finn fast hake og Erlend går i kanvasen.

Wibe gjer spede forsøk på å muntre opp den forulukka, men tomt blikk frå blodskotne auge avsluttar diskusjonen.

Ludvikbotnen, inngangen til det grøne helvetet.

Ludvikbotnen, inngangen til det grøne kuperte helvetet.

Vi får stabla liket på beina igjen og lokkar med gull og grøne skogar… eh, gull, og gyv laus på siste strekket. Vi er no fåretrugande nærme sivilisasjonen, vi ser teikn til stiar for første gong på fire dagar, og Erlend og Wibe går høgtidleg på kne og kyssar traktorvegen vi treff på ved Litlevatnet.

Erlend og Wibe et grus. Erlend har fått tilbake venstre halvdel av hovudet, og lev i dag i beste velgåande.

Erlend og Wibe et grus. Erlend har fått tilbake venstre halvdel av hovudet, og lev i dag i beste velgåande.

Sjølv om dei siste kilometrane går på grusveg er dei likevel harde å få has på. Det er likevel ikkje til å kome frå at lukta av dusj, tant og fjas i Florø lokkar i det fjerne og gjev ekstra krefter.

Bonnie og Clyde har fått ferten av tant og fjas. Norm lengtar etter ein duggfrisk forfriskning.

Bonnie og Clyde har fått ferten av tant og fjas. Norm lengtar etter ein duggfrisk.

Bilen vi sette att ved Gravplassen i Nordalsfjorden er heldigvis framleis der når vi kjem ned. Ein kjapp kik på GPSen viser at vi er fårleg nære 50 km gange på turen, noko som fører til at Team Katastrophe triv tak i posisjoneringsmaskineriet, legg på sprang og tek tre æresrunder inne på gravplassen for å samle saman nok meter til at turen vert 50 km.

E og W gjer sitt for å øydelegge sjelefreden.

E og W gjer sitt for å øydelegge sjelefreden.

Ikkje heilt sømeleg kanskje, men vi set det på kontoen for tort og svie etter at han der oppe truleg har flira seg halvt ihjel på vår bekostning dei siste dagane.

Det blikket seier alt.

Det smilet seier alt.

Ålfoten på tvers altså.

50 km, 4200 høgdemeter, 5 dagar.

5 Responses to “2009 – Ålfoten extravaganza”

  1. Wibe says:

    MAGISK Egil, helt fantastisk lenge siden eg har flira så godt ser frem til neste tur. Har gått lang nok tid til at den gjerne kan være like bratt og ulendt 🙂

  2. Erlend says:

    Ka kan ein seie – i og med at dementi, om enn kor fristande det kan vere på enkelte punkt, sjølvsagt berre vil gjere historia kjedelegare, og attpåtil krevje ein sannferdig utforma alternativ hypotese om historia sitt forløp frå mi side, let eg med glede dette stå som den endelege, uomstridde og offisielle versjon av alle hendingar som fann stad i Ålfotområdet 6. til 10. juli Annus Dei 2009.

  3. roger vartdal says:

    Fantastisk godt fortalt,med gode bilde til.Eg stiller gjerne som sjåfør på neste tur.

  4. Er imponert over at denne siden er det 3. treffet på Google om en søker på trebukkedam!

  5. Stuttfeiten says:

    Takk for ein flott turrapport.

    Denne har eg venta lenge på! Kom over tråden på Fjellforum i fjor sommar, og sidan har eg småhåpa på å få vite om det vart tur og korleis det i tilfelle gjekk føre seg.

    Dette var god underhaldning etter ei maratonveke på jobb. Det vert nok til å skrive ut denne tenkjer eg, såpass at ein har sengelektyre i påska. Takk igjen for ei triveleg stund framfor pc-en!

Leave a Reply