Gjenskrift frå Resirkulert Vitenskap 27.12.2012
Av Spekul og Lativ (foto)
Den penultimate del av ein serie på fem artiklar som er skamlaust saksa frå diverse kulørt presse. Del fem treff internett 28 desember.
Ei gruppe forskarar hevdar dei har funne bevis for ekstraterrestrisk liv etter oppdaginga av eit ferskt avtrykk av eit fotliknande lem under ein ekspedisjon i indre Ålfoten i Noreg.
Forskingsassistent Toralf er ikkje i tvil der han stolt og krokbøygd syner fram avtrykket i myra:
– Verda har aldri sett eit klårare prov på at romvesen vitjar jorda med jamne mellomrom. Sjå berre dette svært svake og diffuse fotavtrykket i sunnfjordsk sphagnum-torv. Rett nok liknar delar av avtrykket svært mykje på ein Alfa Walk King fjellsko i storleik 45, men aura-analysar utført av clairvoyante etterkomarar av kjende bålbrente hekser frå Trøndelag levnar ingen tvil. Vedkommande som trakka frå Indrehus mot Klenevatnet ein vakker dag i juli heitte ikkje Gudrun, Arne eller Liv Harry, men truleg noko i retning Xxztvrzzfry (den andre) eller Vis Nesnej.

Er den noko utviska blåkledde figuren i grasbakkane ovanfor Fossedalsvatnet eit romvesen eller eit menneske?
Seniorskeptikar i forskargruppa, Øystein, har ein annan teori om avtrykket. Han er viden kjend for sine innovative og tåkelagde forklaringsteoriar, gjerne ispedd røvarhistorier og fri fantasi.
Bi-eksistens
– Eg ser kritikken kome. Mange vil hevde at dette avtrykket stammar frå ein lokal og ivrig molteplukkar frå Midtgulen og ikkje eit adeleg romvesen frå ein randplanet i Andromeda-nebulaen. Då har eg svaret klart: Bi-eksistens! Avtrykket er både menneske- og marsbuarskapt. Det finnast utallege eksempel på at noko kan eksistere i to former samstundes. Til dømes er lys både stråling og foton-partiklar med masse, Schrödingers katt er både levande og daud og både egget og høna kom først.
Forskarane fann også fleire prov på utanomjordisk kultivering av området. Ei lita røys med steinar ovanfor Klenevatnet har truleg fungert som eit vegpunkt for interstellare teleporteringstenester.
Kva dei merkelege betongonstruksjonane høgt oppe ved sørenden av Svartevatnet har vore nytta til har forskarane ikkje noko god forklaring på. Gruppas diplomat, Even, har dette å seie når han får spørsmål om kva den tilsynelatande meiningslause konstruksjonen har vore nytta til:
– Romvesen er ikkje gode å forstå seg på. Kanskje har dei eit syn på venleik som ikkje heilt harmonerer med vårt, og at dette difor er eit ekstraterrestriært kunstverk? Noko praktisk nytte for menneskeætta kan det vel neppe ha.
Siste utveg
Nesten heilt nede på randa av sivilisasjonen ved Indrehus fann dei starten på ein veg. Egil Andreas har sine teoriar om denne nært utviska samferdsleåra.
– Det er alltid viktig å ha ein utveg. Dette skjønar alle romvesen, og dette har alltid sunnfjordingane klinkande klårt for seg. Difor bygde dei denne vegen. Om det var romvesena eller sunnfjordingane som gjorde det går for så vidt ut på det same. Eg har sagt det før og seier det gjerne igjen.
Sunnfjordingar er romvesen.