Det starta som ein ide. Eller rettare sagt, det starta som ein reaksjon på ein annan ide. Det er vel stort sett slik det går til. Det eine byggjer på det andre og til slutt sit ein der med ei blautkake.
Novel. Veikingkonvoien var ein revolusjonær attpåklatt etter sin store bastardbror, Vikingkonvoien. Eit mislykka forsøk på å hoppe av i svingen ved Rota førte til ein valdsam reaksjon i seig og feig materie av florianarar av både kjønn. Kvart år flokkar dei seg på Florevika i ei mørje av sjabert vedlikehaldne tresnekker, 20 fots plastprammar utan flybridge eller andre opphøga kortspel og robåtar med mast og innlagt konjakk. Når klokka slår 18, honkar konvoigeneral Nupen i luren og stemnar ut av vika med retning øyane.
Her ligg også cruxet.
Der den mannlege kontingenten av Vikingkonvoideltakarane et fleinsopp, hamrar seg på brystet, slår ned konene sine med ei furu medan dei lagar apelydar, kastar dei om bord i 30 fot med dusj, toalett og sidepropellar og set rake kursen mot Færøyane og Island, er det veikare fakter Veikingkonvoien opererer med, og heilt andre øyer den set kursen mot.
Når Veikingkonvoien, med Nupegavlen i tet på ein sylinder og i 4 knop i sterk medvind, stimar ut av Florevika, går riktignok ferda i vesterveg slik vikingane gjorde det. Men, der mjøddrukne vikingar i rusmiddelhallusinasjon etter høgt forbruk av skogbotnens rikdom, med promille på godt over 0,8 og resulterande lystige tankar om munkar på Isle og Man, ikkje ensar at siste del av furet værbitt norsk fastland forsvinn i horisonten bak dei, fortener Veikingane den ekstra vokalen ved at dei rådfører seg med kartet, tek på seg tøflane, omfamnar fornufta og feigskapen og konkluderer med at Atlanterhavet, det er farlig det.
Veikingkonvoien held seg innaskjærs.
Veikingar vs. Mannen med ljåen
Så det endar med at den putrar og fis seg ut på ei av dei små øyene vest av Florø. Der fortøyer deltakarane flyteelementa sine og drikk seg frå sans og samling i umiddelbar nærleik av djupt vatn, medan dei slæst, dansar og driv hor. I bakgrunnen lurar Mannen med ljåen og kvesser langorven med diamantbryne medan han i ny og ne må hoppe til sides for å unngå dørgande fulle vestlendingar som unngår kaikanten med eit nødskrik. Til no har han venta forgjeves, men eg er sikker på at tolmod vil gjere slutt på sjeltørka. At det ikkje har vore sendt ei einaste sjel til Helheim som direkte resultat av Veikingkonvoien endå, ser eg på som eit bevis på at statistikk og sannsyn lyg. Veiking vs. Gamle Erik, 9 -0. Men kampen er endå ikkje over.
Trefald
Dette tykte vi høyrdest ut som ein god ide og slo oss med.
I det Herrens år 2006, på sjølvaste 10-årsjubileumet for konvoien, bestemde den ikkje spesielt heilage treeinigheten Bjarne, Erlend og Egil Andreas seg for å berike konvoien. Opphavet til galskapen var sjølvklårt Erlend. Han er som regel opphavet, oppstandelsen og (mest) skadelidande i alle dei prosjekta vi engasjerer oss i.
Båten ordna Bjarne. Den gamle tresnekka til Bjarte, Bjarnes far, blei sett på som dugande til oppgåva. Forutan at den var relativt romsleg, ikkje for fin slik at eventuelle uønska hendelsar ikkje skulle føre til alvorlege nedskrivningar på båten, og hadde motor, var den utstyrt med ei kalesje. Som fungerte. Dette skulle vise seg å verte uvurderleg.
Kvil i fred, trufaste Subaru
No har eg gløymt å nemne at Kjell Vidar, ein roleg kar frå Vevring som tek livet med ro så lenge det ikkje inneber å avlive fisk og dyr, skulle vere med på turen. Bilen hans, ein Subaru L-modell frå 86, braut saman heime i Vevring rett før han skulle køyre inn til Florø. Dens bortgong var igrunn venta. I følge Kjell var det i den siste stunda introdusert minst 10 nye ulike lydar frå bilen som strengt teke ikkje trong vere der. Det svakaste punktet var nok demparane trudde Kjell, og han hadde vel mest rekna med å forlate livet i lag med Subaruen der han vinglande og ute av kontroll går front i front med skogens konge, elgen, mellom Oppdal og Otta. Elgen, Kjells nemesis. På mange plan.
Så skjedde altså ikkje. Den hang saman så lenge han ikkje røyva den. Når han byrja pirke borti rusten, truleg det viktigaste bærande elementet i bilen den siste stunda, rasa den i hop med eit sukk og gav seg hen til permanent status som delebil. Så no har Kjell to.
Latex
Nok om det og meir om noko anna, sa ein økonomilærar ved namn Lars (etternamn utelate grunna personvernet) på Flora Videregåande ein gong i 1997. Dette er same mann som foreslo å lage latexklede som elevbedrift i tverrfagleg prosjekt same år. Ein mann etter mitt hjarte.
Som vanleg var vi håplaust for seine. Konvoistart, med rusing og rensing av forgassarar på Florevika, skulle finne stad klokka 18. Klokka passerte 20 før vi var i nærleiken av å kome nokon stad. Vi lasta opp skuta med søtmat, saltmat, godsaker og vannpipe og kasta loss. Erlend og Bjarne hadde bruka store delar av dei siste to dagane på å planlegge, og hadde proviantert rikeleg. Skipskassa, eit stort beist av ei håplaust overdimensjonert trekontainer, var lasta til randa. Tre kasser pils av ringaste sort høyrde og med; ei kasse til kvar måtte vel halde meinte Erlend.
No har eg gløymt Bjørn Otto, den tylen. Opportunist som han er, kasta han seg med på galoppen. Etter å ha trakka feil i stigbøylen, ramla han av hesten allereie på Rota, og måtte skyssast inn til Florø att av sterkt alkoholpåverka roarar.
Cabincruiserlufting
Når klokka nærma seg 22 og Sankthansbåltenning på Rota, var vi komne inn til byen. Etter eit par ekstrasvingar forbi landstrekk utan folk på svaberga for å vatne havet, svinga vi innom Snorrekaia for å plukke opp Kjell. Så bar det avgarde til den årvisse cabincruiserluftinga, som finn stad i farvatnet rundt Sankthansbålet på Rota kvar Sankthansafta.
Det er ikkje tilfeldig at ordet ”cabincruiserluftinga” er brukt i bestemt form eintal. Dersom du tenkjer etter, kjem du sikker i hug at Dagsrevyen har årvisse innslag om at salet av cabincruiserar har gått markant opp. Det du, som eig ei plastikksnekke på 20 fot, lurar på når du er ute og fiskar, loffar blant mindre øyer i skjergarden eller står på vannski, er; ”kvar i heitaste helvete er alle desse plastikkfantoma på 50 fot med flybru, gummibåt i akterdaviten (oppheng for båtar) og innabordsmotor med 1000 gamp?” Du skodar med dine himmelblå til styrbord og babord utan å få auge på eit einaste nypussa kvitt gigantskrog med blå fendrar langs rekka og høg sigarføring på akterdekket.
Ikkje før du sig inn att i hamna. Der ligg dei, på rekkje og rad. Som fallosmonument over eigarens rikdom og status. Ein treng eigentlig ikkje bruke båtane, så lenge lokalbefolkninga veit at dei finst og kven som eig dei. Ein tur på fjorden grisar dessuten til båten, kostar fleire tusen i diesel og ein tur i dokka for pussing. Det er det strengt tatt ikkje verdt. Unntatt på Sankthansafta.
Då er resten av lokalsamfunnet også ute i båt. Hamna har flytta til Florevika og når monteret flyttar plass, lyt utstillingsgjenstanden følgje med. Når dei først er ute og luftar gliset, skal sjølvsagt alle fasilitetar takast i bruk for å bevise at båten er verdt alle millionane. Difor ser ein ofte bleikfeite, halvkorpulente menn ståande bak kontrollane på flybrua med ein dampande Cubaner i høgre munnvik medan dei manøvrerer hysterisk mellom alle småbåtane så det kvin og fresar i sidepropellar og krakilske koner. Størst av alt er nok frykta for at den svarte fenderlista til ein 20 fots Øien eller Askeladden skal kome borti skutesida og lage eit svart gummispor.
Snekka mi, du bedåre
Midt i dette kaoset befant vi oss i ei ekstremt tungmanøvrert snekke. All manøvrering måtte planleggast eit kvarter i forvegen og måtte utførast av minst to personar. Dette faktum skulle også vise seg å verte eit problem då vi ein time etterpå skulle fortøye for natta på Rota. Etter nærmare ein times sosing med gode råd frå nærliggande båtar, mislykka dreggeforsøk (angiveleg grunna dårlege botnforhold) og ein aldri så liten dose tvilsamt sjømannskap, låg vi etterkvart stille og fortøyd til land på ein tilsynelatande forsvarleg måte. RotStock 2006, ein slags musikkfestival med lokale band, var kome godt i gang eit par hundre meter bortanfor.
RotStock
Det var også ølsalet. Ravande fulle folk svima att og fram medan dei balanserte langs båtrekker, hoppa i land frå avstander dei i dagslys og nykterheit ikkje ville drøyme om å forsere med ferje eingong, balanserte i steinrøyser, slest og hadde seg i krattskogen som berre sunnfjordingar kan.
Eg ser ikkje på ditta som ein tur. Eg ser på det meir som eit studie.
uttalar Kjell ein time etter midnatt på Rota, etter å ha bivåna tragikomedien som utspelar seg på land.
Sunnfjordingen
Vi bestemmer oss for å ta det roleg, så vi gjer strandhogg med ambisjonar om å grille pølser i glørne frå Sankthansbålet. Bålplassen ligg på hi sida av øya, og etter å ha forsert nokre hundre meter med lyng og kratt, stig vi ned mot betongbrygga bålet er bygd på. Det er då vi får eit møte med den ekte sunnfjordingen.
Helvete heller asså! Akkurat no når eg har fått ho våt i musa komme dokke og ødelegga heile opplegget! Eg burde faenmeg banka dokke heile gjengen!
Tiraden stammar frå ein ukjent floreværing som truleg hadde teke seg ein liten tur utanom folketrengselen for å ha seg litt i lyngen på Rota.
Etter å ha grilla pølser i skinet og den intense varmen frå ein glohaug på størrelse med Kuala Lumpur, sjokka vi oss tilbake til båten for ein tidleg kveld. På land rådde galimatias…
Finn konvoien
Vi var tidleg opp neste morgon. Klokka var vel 11 når vi stod opp og fekk laga oss frukost. 4 mann på dørken i ei gammal snekke fungerte merkverdig godt og eg sov urovekkande bra mellom skipskassa, gir- og gass-spakar og skutesida.
Klokka 12 skulle konvoien gå vidare til Fanøya for meir fest og løyer. Klokka 11.55 fann Bjarne ut at han måtte inn til Florø og kjøpe kart og batteri til anlegget.
Bjarne og Erlend hadde stor tru på at konvoien ikkje hadde gått frå oss når vi kom ut att frå Florø, men eg kjenner Bjarne så godt etterkvart at eg skjøna at dette ærendet ikkje var gjort på 5 minutt. I tillegg la eg farta på skuta til grunn. 4 knop imponerer ingen, sjølv om avstanden ikkje var særleg stor.
Og riktig nok. Klokka vart nærmare 13.30 før vi stima ut vika og kasta håpefulle blikk mot Rota.
Tomt.
Ikkje båt, mann eller veiking i sikte.
Endå bra Bjarne hadde kjøpt kart. Ingen av oss visste heilt kvar Fanøya låg, berre at den låg vest for Florø, og at utan kart kunne det ha skjedd skade. Med kart gjekk det derimot strålande, så vi putra oss inn på Fanøyvågen i halv fire-tida. Etter å ha lagt til feil berre to gongar, var vi endeleg landfaste og klare for øyafest. Vi åpna ballet med ein institusjon i bygdefestivitas.
Basar
Du høyrde heilt riktig. Basar. Ordet har ein venleg, nesten sakral klang i seg, og du skulle tru at folkeslag på mindre øysamfunn vest av Florø ikkje var påverka av storsamfunnets higen etter mammon, raske grasklipparar og status.
Tru om igjen.
Vi, alle oppvaksne i urbane strøk, var ikkje førebudde på dette rurale Las Vegas. Juks, intrigar og høgt spel var resepten. Å gje bestemor med rullator og høyreapparat ei hjelpande hand eller hjerterom, kunne fort ende med at det respektive organ vart selt til høgstbydande på organbørsen i indre Bulgaria dagen etter. Små uskuldige nurk med hugleik på staur i høgre munnvik og djupe himmelblå, vart fort til små prikkar i horisonten der dei freste avgarde på trehjulingen sin med basargevinsten din på bagasjebrettet. 2 posar kaffi og eit nytt kjøkenhandkle kjem alltid bra med i det knallharde samfunnet på øyane.
70 gevinstar skulle loddast ut, og hovudpremien var ein grasklippar. Før det skjedde, byta mykje anna interessant eigar, for eksempel eit godt sortiment blåser, 2 kg klippfisk og ei fleecejakke størrelse XXL.
For dei uinnvidde repeterer eg snøggt kva ein basar er for noko. I motsetning til eit lotteri, der alle får eit lodd (derav namnet) som dei er nøydde å levere inn som prov på at dei har kjøpt ein andel og er rettmessig vinnar av gevinsten, baserer basarprinsippet seg på ei heilag bok med namn.
Du kjøper rett og slett nummer på ei liste.
Det kan vere du får opplyst kva nummer du har kjøpt, og det også hende du ikkje får det opplyst. I tillegg florerer det som regel mange ulike bøker, alle med same nummerering, utan at det er nokon uinnvidde som har nokon kontroll på kor mange bøker det finnast og kva som skiljer dei.
Trekninga, som skulle starta klokka 17, byrja presis klokka 17.46. Ein svart boks, med lysande raude diodetal i eit display på forsida, var rigga opp. Dei to som skulle forestå trekninga, begge kvinner mellom 30 og 50, hadde i lenger tid fikla med denne innretninga for å få den til å fungere skikkeleg. Eller slik dei ville den skulle fungere.
Når trekninga kom igong, vart det etterkvart tydeleg for oss at alt ikkje skjedde heilt etter basarboka.
90 % av alle gevinstane gjekk til folk som ikkje var tilstades. Og når ein gevinst vart gjeven til ein som sat i salen, var det stort sett berre skrammel frå Nille vedkomande måtte dragse med seg heim. For å illustrere tek eg eg eit typisk eksempel: Trekninga av eit snasent verktygsett som fleire av oss hadde sikla på.
2648.
Eit kort opphald medan basartrekkjar nummer to blar frenetisk og energisk i ei av dei 5 basarbøkene som ligg på pulten framføre ho.
Ho Olaug bakom nausta! E ho her? Nei?
Etter nokre sekund med lav mumling og snuing på nakkar for å sjå om Olaug var blant hopen eller bak nausta, kjem det lavt og kontrollert frå ein anonym person i mengda:
Nei, ho sitte heime med prolaps og grå stær. Men eg kjenne ho godt og ska forbi på heimvegen, så eg tek like gjerne gevinsten med til ho!
Eller versjon nummer to:
2648.
…
Kjell oppi kvia! Eg veit han ikkje e her i dag fordi han tilfeldigvis e mannen min. Så eg tek’an like gjerne med meg, eg, dersom ingen har nokke imot det?
Å opne kjeften på dette tidspunktet er det same som å be om eit par Jensensko; 1000 Jensenpilkar på 200 g knyta rundt beina med påfølgjande dumping i Skorpefjorden.
Eller versjon ummer tre:
2648.
…
Hyse-Johannes! Eller Johannes Paul som han eigentleg heiter. Hehe. Han e ikkje her ser eg, så vi berre legg den inne på bakrommet, vi, så han kan kome og hente den seinare. Imåra eller nokke.
Korpå gevinsten vert båren ut av rommet og inn på ”bakrommet”.
Eg har ikkje handfaste bevis på noko falskspel, og det eg hostar opp her er i beste fall berre injurierande. Men eg føler verda treng å ta eit nærmare blikk på basarar og det tilsynelatande organiserte kriminelle nettverket som ligg bak og trekk tala.
Lang over og under
Vi vann ingenting. Og bra var det.
Ida kom og om bord i løpet av kvelden. Ho er oppvaksen som venninne til ein Melvær Berge, søstera til Bjarne, Rakel, noko som gjer ho førebudd og skodd til å takle det meste av jækelskapen livet finn på. Ei jente med bein i nasa som har vore med på båtliv og sjanseseilasar før.
Det var no på høg tid å starte ølkonsumet.
Veret var ikkje spesielt bra, men heller ikkje spesielt dårleg. Gradstokken bikka 10 grader midt på dagen, og regnbygene som kom med nordavinden var av det snille slaget. Med lang over og under og båt med tett kalesje, gassbrennar, råvarer, vasspipe og godt selskap gjekk det fint an å tilbringe kvelden og natta på ein forblåst holme nokre kilometer sør for polarsirkelen.
Men vent. Sa han ”vasspipe”? Skal no den yrande mistanken din om at forfattaren er ein degenerert dopskalle av dimensjonar, endeleg bli bekrefta? Sit han og dei andre slaurane dagen lang og røykar hasj, heroin eller sokkar medan rosa elefantar trampar i monarkens rosebed på Karl Johan?
Nei. Det gjer dei ikkje. Vasspipa er ein genial sosial institusjon som løyser på snippen hos dei fleste og, heilt ulikt andre typar røyk, ikkje fører til spontane brekningar og hamsterånde dagen derpå. Du fyrar opp med ei seig og visstnok tjærefri guffe med smak av verda. Eg nemner i fleng: aprikos, lakris og sjokolade. Du får sikkert kjøpt guffe med Marlboro Light smak og dersom du absolutt treng det.
Røyken trekkjast inn i botn av ein karaffel med vatn ved at du sug på eit munnstykke. Røyken boblar gjennom vatnet og avkjølast, entrar sugerøret og endar til slutt opp i munnhola di. Du kan no anten velje å trekkje ned røyken eller berre puffe på pipa. Begge delar er godkjent i miljøet, og du vert ikkje sett ned på om du puffar. Røyken dansar så salsa og merengue på smaksløkane dine, før du kvittar deg med den same veien som den kom inn.
Ute regna det, på basarlokalet var det no rigga om til dans og sjøslag og vi sat i båten og røyka vasspipe, laga heimelaga potetsalat og drakk øl på ei lita øy nokre sjømil vest for Florø. Ein absurd situasjon vil nokon seie. Heilt normalt seier sunnfjordingen.
Sluttspel
Når ein ny og betre dag fann det for godt å dukke opp, også kalla dagen derpå, låg det utruleg nok ikkje daude kroppar og flaut med ansiktet ned i Fanøyvågbassenget. Mannen med ljåen gjorde nok ein bomtur denne helga og fekk igjen eit bevis på at veikingar ikkje er gode å få ram på.
Vi fyrte opp snekka og sneik oss ut av vågen som ein lydlaus fjert. Den tiande veikingkonvoien var historie og rykta seier at det ikkje vert ein ellevte. For mykje byråkrati og organisering seier general Nupen.
Så anten var vi med på ein dobbelt historisk konvoi, den tiande og siste, eller så kjem det ein ny sjanse til alle feige og usle individ i mils omkrets til å samle seg på Florøvågen for nok ein gong å slå nok eit slag for den veike.
Det foreslår eg du og gjer. Det er like godt å innsjå at det vikingblodet som strøymer gjennom årene dine med åra har vorte svært tynt, utvatna og ikkje særleg blått.
Du er: Veik. Vital. Vidsynt.