Trofors er ikkje verdas navle. Eller, ein navle er jo igrunn berre ei grop på menneskekroppen, eit høl, ein plass der lo samlast, og i så måte kan kanskje Trofors kallast ein navle.
Det er perverst tidleg ein laurdag i mars udi det Herrens År 2007. Med klirrande sporar og Stetsonhatten på snei sjokkar eg over perrongen på Trofors stasjon og tek inn dei valdsame inntrykka metropolen Trofors sender mot netthinna mi. Det er stille, svært stille, i det som verkar å vere den einaste gata i byen. Eit rustent landhandlarskilt skrik og jamrar seg i vinden, den fordømte vinden som aldri tek slutt, som gneg på sjela, et seg gjennom klede og kropp.
Dra deg te helvete.
seier den.
Gå inn att og fyr i peisen, set deg i godstolen og sjå på Skavlan. Her skal du motstand finne.
Men eg kan ikkje det. Eg er for langt heimanfrå, eg er på eit oppdrag, har gjort avtalar. Det er for seint å snu, må fortsetje, lenger aust, lenger nord.. Der ventar dei. Karane. Galningane.
Store nordmenn
Eirik Raude, Leiv Eriksson, Nansen, Amundsen, Heyerdahl, Monica Kristensen, Erling Kagge, Lars Monsen. Rekkja med meir eller mindre hakkande galne nordmenn er lang. Alle har dei rava rundt som sveiseblinde amøber i skodde, snøstorm og orkan, medan dei furet værbitt hyttar høgreneven mot Gud og kvarmann og plantar nok eit norsk flagg på ein tilfeldig valt pol, fjelltopp og/eller kontinent. Det er menn av slikt kaliber eg, skjelvande og med eit snev av angst, går i møte idet eg ramlar av bussen på ein norsk industriutpost 2 timar aust for Trofors. Eg er i Hattfjelldal. Det er 7 månader før Terra.
Sunnfjordingar
Messrs. Øystein Stavø Høvig frå Florø, Toralf Rutledal frå Gulen og Kristoffer Knapstad frå Eikefjord skal gå Noreg på langs, med start på Lindesnes i sør og målgong på Nordkapp i nord. Som alle gode ekspedisjonar har også denne eit namn. Barnet vart døyp, svært så fantasifullt må eg få leggje til, ”Mot nord”, og kunne følgjast levande på verdsveven på adressa www.motnord.no, eit tilbod bekymra mødre truleg var flittige brukarar av.
Dei er alle sunnfjordingar, og er difor ikkje i stand til å vurdere om dei faktisk er i stand til å gjennomføre turen; sunnfjordingen koplar automatisk ut fornufta når det er snakk om strabasar, han mistar evna til å tenke rasjonelt, og gjennomfører uansett kor mykje faenskap naturen kastar imot han.
Alternativet til suksess er ei grunn grav i skrint jordsmonn.
No eksisterer ikkje ordet ”suksess” i vokabularet til sunnfjordingen, då livet for han berre er ei tung bør som skal berast heilt til han stuper. Som regel må det større naturkatastrofer til for å drepe ein sunnfjording, då han nektar å døy av trivialitetar som sjukdom og alder.
Øystein er ein blond og blåaugd gut med eit rikeleg forråd av underhudsfeitt å tære på; han er på ingen måte tjukk, men han er heller på ingen måte tynn. Han er difor perfekt proporsjonert for oppgåva; lett atletisk, godt humør og målbevisst inntil det motsette er bevist.
Kristoffer er som skoren ut av sunnfjordsk devonsk sandstein. Med høge kinnbein, høgreist kropp, rak rygg og med mot i bringa skal det mykje til for å stogge denne senete og seige mannen, som attpåtil er Eikefjording. Eikefjordingar er ikkje heilt som oss andre.
Toralf kjenner Knut Wollebæk etter å ha jobba på ambassaden i New York, og hans gode kontaktnett i dei diplomatiske internasjonale miljøa kjem godt til nytte midtvinters i norske høgfjellsområde. Han er i tillegg ein kraftig plugg med eit svært høgt hårfeste, og har eit gneistrande blikk laga for å sjå i ei type retning; fram, opp, nordover, med andre ord alle retningar som kan assosierast med framskritt og progresjon.
Mot nord
Karane har lagt seg til i telt i eit skogholt eit par hundre meter frå sentrum av Hattfjelldal. Dei har gått over Børgefjell dei siste dagane, og ventar på depotpakke i posten før dei kan gå vidare mot Sulitjelma, som er neste depotstopp. Det kostar å vere på tur så lenge, så dei har hamstra mesteparten av maten billegast mogleg før turen byrja. Blant anna fekk dei kloa i større kvantum med norsk livbåtproviant, best skildra som brikettar av hardpressa kraftfôr, klinisk fritt for vatn eller andre substansar som kan gjere det enklare å svelje. Mat, kart for neste etappe osb. vert delt opp i pakkar og sendast til predefinerte postkontor langs den planlagde ruta deira.
Gringoane har vore i Hattfjelldal eit par dagar før eg rekk fram, og har slått leir i eit skogholt nokre hundre meter frå det som for meg verkar å vere eit slags sentrum, ei lita klynge handelsstadar som omfattar blant anna ein ICA-butikk, ein bensinstasjon og ei sportsforretning. Av anna byggmasse i syne frå busshaldeplassen ved ICAen kan eg nemne ei flystripe tyskarane la att etter seg, og som vart flittig nytta til villmannskøyring med snøskuter då eg kom, samt ein praktfull fabrikk i horisonten bak flystripa. Ein lokal helt informerer følgjet om eit lovande fiskevatn nord for Hattfjelldal, Øvre Klubbtjønna, og det vert optimistisk investert i utstyr for isfiske; pilk, isause og mormyshka, også kalla maggott eller flogelarvar. Å kjøpe eit isbor som må bærast heilt til Nordkapp er noko i overkant, men det ordnar seg då vi får låne eit med nemnde lokale helt. Dette er sjølvklårt starten på ei episk fiskehistorie, truleg utan sidestykke på den nordlege halvkule.
Vi kjem oss etterkvart avgarde og følgjer eit skuterspor nordover mot det forgjetta land. Sagaen om Øystein Fiskelaus har byrja. På vegen kan vi observere objektet som er opphavet til namnet Hattfjelldal. Du gissa riktig. Det er sjølvklårt eit fjell som ser ut som ein hatt. Dette hadde vi godt utsikt til frå den første, og meg bekjent einaste, tindebestigninga til gutane på turen, ein liten kolle nord for Hattfjelldal med det klingande namnet Kvitklumpen (602 moh). Eg skjønar dei så godt; pulk eignar seg på ingen måte til tunge motbakkar.
Utpå kveldinga strenar vi over fisketjønna og kan konstatere at vi slepp primus og telt den natta. På nordenden av vatnet har nokon flittige sjeler sett opp ein solid gapahuk av heiltømmer, med eit godt lager av ved liggjande bakom. Full av iver set Øystein i gong med å bore hol i isen. Ironisk nok viser det seg at den einaste som ikkje får fisk den kvelden er nettopp Øystein Optimist. Det er jo litt synd i stakkaren, noko resten av oss ikkje bryr oss spesielt mykje om og set igong ei større mobbekampanje mot den udugelege.
Naturen er nådelaus.
Veret er svært fint den natta, og vi bestemmer oss for å droppe telt og ligg heller under open himmel. Varm og nøgd konstaterer eg at soveposeinvesteringa mi, ein Isbjørn Jan Mayen, fungerer godt. 10-15 minusgrader er ikkje noko problem, og natta går fort.
Røssvatnet
Om vi ikkje har ørken i Noreg, så har vi iallefall store isdekte vatn. Vi skal gå over eit slikt vatn, og for å vere heilt sikre på at det skal verte skikkeleg keisamt, langtekkeleg og einsformig, har ekspedisjonen valt seg ut Noregs nest lengste vatn, Røssvatnet, som underlag. Berre overgått av Mjøsa på lengda, er Røssvatnet også eit vasskraftmagasin av ein viss rang. Og nemnde eg at det er langt?
Kristoffer får den tunge oppgåve med å levere tilbake isboren i Hattfjelldal, så vi lyt vente til han kjem attende før vi kan entre Røssvatnet. Klokka er truleg nærare 14 før vi er igong, og etter ein liten time stig vi ut på vatnet, noko forsiktig til å byrje med, men så med større tillit og mot. Regulerte vatn kan jo vere litt lunefulle, spesielt i strandsona der isen kan vere sprekkerik og lumsk, men det viser seg at det er for tidleg på våren til at dette byr på problem, og vi sklir ubekymra avgarde.
Turen over isen gjev meg ny innsikt. På lange turar med fleire turmedlemer er det riktig, ja endåtil lurt, å samkøyre utstyret, iallefall til ei viss grad. Dette vart tydeleg for meg då eg etter ein halvtime oppdagar at isklisteret eg med stor glød smurte på undersida av skia før Røssvatnentreen stort sett ligg att på isen, og at eg nyttar meir og meir armstyrke for å drive kroppen framover for kvart tak eg tek. Dei tre andre har alle ski med ein relativt ny patent; korte skifeller som festast i smørespennet. Dei er med andre ord uavhengige av skismurning og går ufortrødent på, medan eg slit meir og meir med festet og må stadig grise med blått klister. No går dei med pulk og eg går berre med sekk slik at dei har meir å dra på, men eg er ikkje i kjempeform og kjenner etterkvart på slitasje i kropp og sjel.
I tillegg til å vere håplaust monotont er skigåing på is også ekstremt repetetivt. Det neste steget er 100 % likt det forrige, og akkurat dei same ledda og dei same musklane får køyrt seg gong på gong på gong på gong. Igjen, hadde eg vore i betre form hadde jo sikkert kroppen tåla dette, men med tung bør og milevis med isslette vart det tungt.
Målet for dagen er ei hytte noko over midtvegs på vatnet. Hytta er det onkelen til Kristoffer som eig, og det freistar for mykje med ei natt i varm hytte kontra ei natt i nokså kaldt telt til at vi let sjansen gå frå oss. Difor peisar vi på, og endar opp med å navigere i ukjent hyttefelt i bekmørknet. Klokka er nærmare 24 og eg er rimeleg ferdig når vi endeleg finn hytta og kan fyre opp i omnen. Her finn eg ut at Isbjørn Jan Mayen taklar ekstrem kulde betre enn soverom med tosifra antal plussgrader. Det vert ei varm natt.
Dagen etter kjennast kroppen min ut som ein totalhavarert Ford Sierra som har køyrt litt for fort inn i ein fjellvegg. Resten av den friske ungdomen eg har slått følgje med har diverre eit mål i det fjerne, og er nådelause på å halde eit eller anna skjema dei påstår dei har sett opp. Rundetidene må haldast nede skal det ende opp med akseptabel tid, og det er lenge att til siste indre. Eg ber på mine kne, eg kyssar deira skor, men sjølv om dei ser ut til å like det, er domen knusande. Arbeit macht frei. Raus!
Røssvatnet kyssar meg ømt god formiddag i det eg nok ein gong trer ut på isødet nokre timar seinare. Som sagt så er vi over halvvegs, og det er knappe to mil att til nordenden av vatnet der vi har sett oss ut ein gard som har rom til leige. Eller, som det seinare viser seg, hus.
Dei tre fullbefarne ekspedisjonsmedlene fungerer nokså godt i hop, og dei har etterkvart gått seg inn i eit nokså praktisk mønster der kvar mann har sine faste oppgåver. Gnisningar er likevel ikkje til å unngå, og det er, ikkje uventa, medlemenes reptilhjernar som er rota til det vonde. Eit eksempel på dette oppstår når vi har nordenden av Røssvatnet i sikte. Det er på tide med ein teknisk kvil, og veret er surt og jævlig. Det bles friskt, det er eit par plussgrader og det regnar. Dei fleste av oss er klare for å gå vidare, det er trass alt ikkje utruleg hyggeleg å stå midt utpå der. Kristoffer derimot fiskar opp kneipen, ein kniv, majones og ei pakke fårepølse og set igong med å smøre seg ein saftig blings. Kriss er alltid svolten, og akkurat no passar det svært godt med ein matbit. Toralf er over gjennomsnittet opptatt av progress og er ikkje einig med prioriteringane til Kriss. Han argumenterer hissig for at vi skal kveike opp og drite i slik unødvendig matauk og kome oss til helvete inn til land. På dette tidspunktet har Kriss demonstrativt sett seg på pulken og ser roleg opp på Toralf medan han tek første tugga av blingsen. Kriss er svolten, Toralf er på eit oppdrag. Nokre sekund etterpå ser vi ryggen til Toralf i det han i ei sky av ukvemsord langar ut i retning Nordkapp. Kriss langar ut mot kneip og fårepølse.
Dei er ikkje langsinte, og det er mogleg eg smører noko tjukt på i skildringane mine, men noko småtteri vert det alltid der fleire folk er i lag. Etter ei stund set vi oss likevel i bevegelse att, og eg vert nok ein gong minna på at naturen elskar å kødde meg meg. På store opne flater ser alt ut til å vere mykje nærare enn det eigentleg er, og du vert like skuffa kvar gong du oppdagar at du ikkje har nærma deg det spøtt sidan du for ein halvtime sidan meinte det var cirka ein halvtime att til du var framme.
Steikvasselva delight
Steikvasselva ligg på breidda av Nordbukta ved nordaustre ende av Røssvatnet, og er ofte nytta som overnattingsstad for dei som går Noreg på langs. Har ein slite med kummerlege butilhøve langs ruta nordover er det her svært gode moglegheiter for å bu meir enn standsmessig for ei natt eller to. Der ein andre stadar leiger eit rom for natta, leiger ein her ikkje mindre enn eit hus. Etter å ha forhandla lett med bonden som driv staden, opnar vi døra og finn fort ut at vi har tilgong til ein klassisk einebustad frå 60-70-talet, komplett med familiebilete, vegg-til-veggtepper, stort bad med dusj og ein TV. I tillegg vart det eitt rom på kvar av oss der vi kunne nyte ei natt i gode, gamle rammesenger med dei nydelege skumgummimadrassane nordmannen har vorte så glad i. Etter eit uforsvarleg stort måltid vart ikkje kvelden svært lang før norsk husmannskomfort freista oss for mykje.
Dagen etter starta med gode nyhende og dårleg vêr. Bonden hadde køyrt skuter opp på første høgda slik at vi slapp trakke spor i djupsnøen, medan vêret var nokså grått med regn og skodde i lufta. Etappen denne dagen gjekk opp Spjeltfjellsdalen over Stormyra (namnet lyg ikkje) opp mot Gressvasshytta, heile tida med dei meir eller mindre kjende Okstindan ruvande på venstre side. Dette var slett ikkje ei spesielt lang etappe, men den vart svintung etter kvart som vi klatra høgare opp og nedbøren gjekk over i snøfasen. Brav og full av pågongsmot langa eg ut og trakka spor foran pulkgutane dei siste kilometrane opp mot hytta, fullstendig knust og klinisk tom for krefter harka eg meg opp siste mota timar seinare. Lauvskogen gav god ly for vinden, og terrenget samla mykje laus og fin snø som sliten menneskekropp måtte flytta på for kvart steg stakkaren tok.
Gressvasshytta er ei ubetjent DNT-hytte med det frekkaste klestørkestativet menneskeheten har sett. Eit støypejarnstativ er hengt opp i taket, og kan hevast og senkast med eit finurleg trinsesystem som styrast frå ein tauende i hovudhøgde. Når du har hengt opp det våte tøyet heisar du rett og slett heile sulamitten opp og ut av syne, heilt opp under mønet. Eg blir reint rørt når eg ser ting som fungerer så godt. Gressvasshytta er elles ei særs fin og velstelt DNT-hytta med god plass og og smarte løysingar, og som i alle andre hytter vil du og finne pornoblad av aukande grovhetsgrad jo lenger og nøyare du leitar. Mjukpornoen ligg ofte nederst i bunken av Villmarksliv, Se og Hør og Vi Menn, medan godstoffet, Cats, Aktuell Rapport og heilt sikkert endå verre om du er av den sorten, er til dømes gøymt under større mengder ved og opptenningaviser nederst i vedkassa. Ut frå det gutane fortalde fekk eg inntrykk av at fjellheimen er metta med porno frå Lindesnes i sør til Nordkapp i nord.
Search, and thou shalt find!
Krisstrofe
Kort tid etter avgang dagen etter er det eit redselsfullt syn som møter meg, Øystein og Toralf idet vi det forserer ein bakketopp. Fryktlaus som berre sunfjordingen kan vere har han sett utfor ein kort, men bratt bakke med tung pulk og slitne bein. Det gjekk som det måtte gå. Det er vanskeleg å skilje pulk, ski, stavar og Kristoffer frå kvarandre i bylten som ligg utpå flata. Difor er vi småbekymra der vi går inn i katastrofeområdet for å sjå etter teikn til intelligent liv. Dei første lydane vi høyrer frå havaristen er alt anna enn intelligente, og han har heller ikkje røyva seg sidan vi fekk auge på offeret. Etter å ha fått spytta ut litt snø frå kjeften byrjar han etterkvart å konstruere samanhengande setningar som gjev meining, og får fortalt at han er i eit stykke og har det godt, men at pulkdrag og pulk, ski og stavar har filtra seg såpass saman at han treng ekstern hjelp til å løyse floka. Heldigvis har vi mykje praksis frå løysing av gøttfloker frå fiske i vestlandsskjergarden samla i følget, og vi får han etterkvart på beina att.
Etappen går over Gressvatnet, tek ein kort sving innom Sverige før den endar i Umbukta på norsk side. På dette tidspunktet byrjar eg for alvor å kjenne på diverse slitasjeskader eg har dratt på meg i løpet av turen. Spesielt slit eg med smerter i høgre hofte, truleg provosert fram av ein tung sekk bært over lange dagsetapper av utrena kropp. Spesielt trur eg Røssvatnetetappane var ugreie grunna lite variasjon i gårøyrslene. Eg held sjølvklårt kjeft om tilstanden min, og bit tennene saman over høgda vi må over på nordaustside av Gressvatnet. Å vise svakhet i naturen er, som vi alle veit så godt, jamngodt med ein prematur sortie frå dei levande.
Eg endar min tur på Umbukta Fjellstue. Eg har eitt eller anna eg må rekke ein eller annan plass, og hoppar av turen der det er veg og busskommunikasjon tilgjengeleg. Burgeren på Umbukta Fjellstue kan anbefalast, og du bør og spørje om du får overnatte på Stabburet, eit trekkfullt anneks som ligg vegg i vegg med fjellstua. Her gjeld det å fyre rikeleg for kråkene. Energibehovet for å halde varme i Stabburet er nemleg alt anna enn berekraftig.
Medan gutta frå Calcutta slit seg vidare mot Sulitjelma, praiar eg bussen mot Mo i Rana og NSBs trygge famn.
Til slutt skulle det vise seg at det berre vart Øystein og Toralf som fekk kjærteikne kuppelen på Nordkapp. Kristoffer fekk problem med knea sine ein plass i Troms etter at dei bytta ut ski med velosiped, og måtte stå av.
Det er uansett berre å bøye seg i støvet. Respect.