Etter å ha betalt det kvite i auget og solgt kvitskjorta for ein vaksenbillett til Bodø, viser det seg at SAS/Braathens/Wideroe har eit tilbod for ungdom som er 25 år eller yngre, ein kategori som passar meg bra i nokre månader til. Problemet er at SAS tydelegvis ikkje er interessert i at allmugen skal få snusen i slike delikate lekkerbiskenar.
Kred går til SAS for eit slikt initiativ. Forretningsmessig mønsterbruk vert det og når dei gøymer tilbodet så godt på sidene sine at berre 50% av dei som kan nytta seg av tilbodet faktisk finn fram til det.
Eg meinar: Du forventar jo at SAS er såpass reielige at dei opplyser kunden om det billegaste alternativet når ein bestiller? Så er altså ikkje tilfelle. Dei har faktisk 2 ulike bestillingsprosedyrer. Den som treff deg midt i trynet når du seglar innom wideroe.no er den berekna for vaksne og ungar under 15 år. For å finne ungdomstilbodet (meg…i nokre månader til) må du hente lupa og finkjemme alle linkane i jungelen av tilbod, bonushelvete og weekend til Venezia.
Der var den jaggu. Pris: 680,- Takkskaldufaenmegha. 220,- rett i dass. I tillegg får eg gleda av å turnere nordlanskysten med X antal mellomlandingar i små fiskevær sist besøkt av Petter Dass berande på ein trompet.
Er det verkeleg ei teknologisk uovervinneleg utfordring å smette ”ungdom” inn mellom ”vaksen” og ”barn” i bestillingssystemet. Ein kan jo byrja å mistenkja SAS for å vere kyniske mammonfikserte forretningsfolk.
And so it begins…
Men som sagt. Eg sat på toget. 36,- kosta det. Flybussen bikkar fort 70,-. Pengar å tene altså. I tillegg er jo tog uendeleg mykje meir behageleg enn buss. No går toget berre ein gong i timen i motsetning til flybussen sine kvartersvise avgongar, men lell. 5 år tok det meg å finne ut det. Og eg har fort flydd nokre gongar i året. Sjit.
Melkespann #52 er plassert og innspent sentralt bakarst i Wideroes nordgåande melkerute WF152. 40 grader Celsius i kabinen er i meste laget for fersk heilmjølk og fløyta på toppen av spannet har byrja å verte smør. I tillegg er budeia svensk og sjenert der ho trekkjer føre eit gardin og gøymer seg i ei provisorisk stølshytte. Snedig. No ser jo ikkje mjølka inn døra til bonden heller, noko som truleg er gunstig med tanke på eventuell mjølkegalskap og rjome med øksefetisjar.
Formålet med turen var som sagt segling. Frå Bodø og sørpå over sjøen. Til Trondheim, Molde, gudane veit kvar det kom til å ende. I båten til skipper Erlend Hovland, erfaren og prinsipplaus globetrottar. Ein del av reisefølgjet er Bjarne ”Burn Baby” Berge, eit interessant menneske som har gjort litt av kvart med bil, sykkel og fyrtøy. Ofte i kombinasjon med alkohol. Dette kan jo ikkje gå gale. Neida.
Resten av reisefølgjet er meir stabilt i så måte. I utgangspunktet i alle fall. Skjønt, Lisa Melværs reise gjennom India åleine med innlagt svipptur innom Kashmir kvalifiserer vel til galskap det og. Ho var i tillegg med på deler av jordomseglinga Erlend var med på som liten gutunge. To alen av same ”Svanhild” altså. Ida Lervik Midtbø var den siste av selskapet på 5.
Alle 5 er frå Florø. Galskapen er komplett. Rai rai.
Innflyginga til Brønnøysund var lite gjennomtenkt. Mykje lokale frekke kastevindar og 90 graders hårnålssvingar mellom mykje fjord og fjell og urovekkande lite luft har gjort at all mjølka har blitt kinna til smør og løype. Smøret skal det jo for så vidt gå greitt å bli kvitt. Bjarne er landets fremste ekspert på kjøp og sal av smør. Det er ikkje alltid han får like godt betalt for smøret sitt dog. Det er mykje uærlege folk der ute som ikkje veit å verdsetja ein god lott nykinna setersmør, men oftare og oftare endar det opp med vellukka handel til gode prisar. Løypa får vi mata kjølsvinet med.
3 minutt etter takeoff Brønnøysund ser vi neste flystripe. Den heiter visstnok Dokka og ligg på eit nes. Mot vest finn du Nordsjøen. Nettopp difor trur eg det er frykteleg moro å fly i desse traktene. Det luggar bra i innflyginga, ein lett og ledig 180 graders krapp høgresving, sjølv om veret består av skyfri himmel. Sikkert fett å lande her midtvinters med krossvind med orkan i kasta.
Dersom du granskar området nord for Trondheim finn du faktisk ut at antal flyplassar/km2 er større enn antal samar/km2 sør for Trondheim. Eg trur pinadø dei har planert kvar ein holme og kvart eit nes her og bygd flystripe, og det er vanskeleg å tyde skrifta på kartet grunna alle dei feite raude Wideroerutestrekane som maltrakterer landskapet.
Havar(i) Bodø
Eg møter Ida og Lisa på busshaldeplassen utpå kvelden etter å ha ordna overnatting på Bodø Vandrerhjem for alle 3. Dei to er svært tyste etter ein strabasiøs flytur og treng øl. Det er på veg inn mot byen etter å ha sett frå oss paragas på heimen Bjarne ringer Ida. Seglbåten skulle ha møtt oss i Bodø denne dagen då vi skulle mønstre på og 2 jenter, Torunn og Carina, skulle mønstre av. Dette vart det ikkje noko av då dei tydelegvis hadde sett ut på Vestfjorden dagen før i sydvest kuling og stampesjø midt imot. Vi fekk difor beskjed om at dei skulle vere framme på morgonkvisten dagen etter. Forandringar skjer som kjent undervegs uansett kor gode planar ein har lagt (eller ikkje lagt, som var tilfelle her), og Bjarnes situasjonsoppdatering kom til å krevje ei større omkalfatring av opplegget:
Det blir litt vanskelig å møte dokke i Bodø imorra då vi nettopp knakk masta. Det e ganske dårlig ver her. Kan dokke finne nummeret til redningsskøyta?
Eg tek det heile med knusande ro då eg har vore på tur med Erlend og Bjarne før, og veit at dei omgir seg med ein aura av uforutsigbarhet, planendringar og vestlandske halvtimar. At Bjarne var nokolunde fatta i telefonen tyder på at det står til liv og at dei nok ein gong har overlevd naturens forsøk på å luke ut enkeltindivid som leflar hasardiøst med sine eigne liv i situasjonar dei har mista all kontroll over.
Kastar ein eit blikk bakover og kikar litt på livsløpet til Erlend og Bjarne, finn man eit uttal situasjonar som, med all respekt å melde, burde ha enda med einvegsbillett til ein plass der det er ofseleg varmt. Så at dei no låg på Vestfjorden med rigghavari i sydvest kuling og 4 m høge bølgjer fann eg ikkje det minste merkeleg. At mannskapet var (fysisk) uskada forundra meg endå mindre. Naturen held truleg eit par individ i live for å jamne ut den kosmiske galskapsbalansen.
Ida kastar seg over telefonen og er snart på tråden med sin seglvande far som diskar opp med både telefonnummer og gode råd. Etter ein kort konferanse med redningsmannskap bestemmer havaristane seg for å snu og gå for motor nordover mot Svolvær, den same plassen dei starta frå. På puben ”Min plass” sit vi (stort sett meg og Lisa, Ida var opptatt med telefonisk krisepsykiatri) vantru og, utan spesiell omtanke for situasjonen til våre vener i havsnaud, fortvilar over at vi no er stranda på verdas kjipaste plass, Nord-Noreg, utan seglbåt og med ei veke att til returreisa. Frasa ”Jaja, vi får gjere det beste utav det” er mykje i bruk den kvelden. Eg, som stort sett er håplaus på alt av planlegging og gjennomføring av, ja, noko som helst, seier det stort sett berre for å vise at dette skal ikkje knekke meg iallfall. Lisa derimot sit allereie med turistbrosjyrer, kart og kompass og er godt i gong med ruteendring og viser ferdigheiter i katastrofehandtering få forunnt. ”Min plass” har forresten god mat til ein rimeleg penge. Verdt eit besøk om du no skulle befinne deg i Bodø ventande på skip som er opptatt med havarering og forlis på Vestfjorden.
Havar(i) Bodø
Etter ein morosam hurtigbåttur over Vestfjorden i til dels store bølgjer, ankom vi Svolvær seint på tysdag. Å finne rette båten skulle ikkje vise seg å verte noko stort problem då det berre fanst ein båt med den kjende frekke riggkombinasjonen dobbel halv mast. Masta var forøvrig knekt nøyaktig midt på og toppen på masta hang og slang nokre centimeter over framdekket. Der såg den då også ut til å trivast, hengande i fall og leidningane til vindmålaren og VHF-antenna.
Livet mitt gjekk i to og vart snudd opp-ned.
uttalte masta kort tid etter den dramatiske hendinga.
Mannskapet, Erlend og Bjarne, sette opp sine mest tapre andlet då dei tok imot oss på gjestebryggja. Det viste seg at krisa hadde funne det for godt å eskalere enda nokre hakk i løpet av natta då motoren stogga eit par timar sør for Svolvær. Etter eit par spede oppstartsforsøk og påfølgjande like mange stoggar seinare vart det til slutt heilt stilt frå den gamle Sabben og Redningsskøyta, som til då berre hadde fungert som eskorte, vart tildelt nye oppgåver som slepebåt. Mannskapet på skøyta hadde for øvrig nytta høvet til å høvle over skipper Hovland når dei var vel i land. Å leggje ut på Vestfjorden med varsla kuling midt imot med ein 28 fots seglbåt skapte såpass store ujamne parti i det utviste sjømannskap at ein omgang med skarp nordlandsk høvel var på sin plass, noko også skipper Hovland var klar over. At Redningstenesta ikkje hadde spesiell medynk med dei havarerte viste seg også i den første kommentaren dei hadde fått per telefon dagen før då krisa nettopp var blitt eit faktum:
Ja syns dokkær det e nokka vær førr å gå øver Væstfjor’n i idag?
uttalte ein ikkje namngjeven person på redningssentralen.
For underteikna, Lisa og Ida vart det sightseeing i Svolvær med påfølgjande busstur til Kabelvåg og Henningsvær neste dag, medan Bjarne og Erlend gav seg i kast med 16 hk balstyrig Sabb Diesel.
Det er mykje fint å sjå nordpå. I Kabelvåg vakte nok urtehagen i utkanten av, eh, byen, mest oppsikt blant naturglade nordmenn. Opphaldet i Henningsvær på si side blei stort sett nytta til å drite seg ut på kaia der vi song inn ein trestemt versjon (det blei no slik) av ”Lofottorsken” på mobiltelefon. I tillegg tok vi bilete og sende heile stasen til folk vi kjende via MMS. Då Lisa ikkje var fornøgd med første innspeling av ”Lofottorsken” (det blei for mykje Lisa og for lite oss andre visstnok), remja vi oss likså godt gjennom ein gong til. Elles besøkte vi glasblåseri der Lisa kjøpte seg T-skjorte med eit bilete av ein svært stygg fisk på framsida, eit lysstøyperi (godt beite for kunstnarar i Henningsvær tydelegvis) og gjekk oss inn i ei blindgate.
Vel tilbake i Svolvær att insisterer ”de gode naboer” på at motoren gjekk som ei klokke. Klokka mi går som regel for seint og stoggar rett som det er, men eg trur dei meinte denne motoren ville gå til helvete og tilbake att før den definitivt tok kvelden.
Dei prøvde å selje luftslott. Vi kjøpte mat i staden.
Nøttefjord med avec
Vi bunkra opp litt proviant og, i håplaus neglekt av basiske menneskelege behov, gløymde å kjøpe øl, før vi la ut på bøljan blå i retning eit ferjeleie ved den nordre munninga av Risøyrenna (eg veit at du ikkje veit kvar det er så slå opp i eit atlas eller google.com). Her hadde Lisa skaffa minibusskyss til eit ferjeleie litt lenger vest der rutebussane starta frå. Bjarne, Erlend og Ida skulle segle…orsak, køyre båten sør att til Bodø for motor der eg og Lisa skulle møte dei dagen etter etter å ha teke ferja frå Moskenes etter ein stadsobservasjon i Lofoten. Mykje etter her.
At norsk historiepropaganda har framheva Lofoten som eit over gjennomsnittleg bra område å fiske i stemmer bra med røynda. Med sakte fart på maskina dreiv vi gjennom det som må vere Noregs best merka sund medan vi drog og hala middagstorsk det vi makta. Med poteter og grønsaker om bord, inkludert ein bunt med lauk eg hadde handla inn på torget i Svolvær, låg alt til rette for torskemiddag de la Lofoten y Trollfjorden. Vi enda nemleg opp i Trollfjorden, denne svært så nasjonalromantiske glyfsa i fjellet som Hurtigruta pressar seg gjennom etter først å ha fått himmelfalne småkorpulente tyskarar til å smøre inn skutesida med vaselin. Vel gjennom sprekka openberrar det seg ein liten fjord med særs steile bergveggar, glitrande fossar og generelt sett karrig landskap. Bergveggane er faktisk så steile, og vatnet så brådjupt, at båtar kan gå heilt oppunder fjellet slik at idiotar kan forkvakle naturen ved å skrive namna sine på bergveggen samt datoar for vandaleriet. Noreg i ein nøttefjord.
Det vert vanskeleg å setje ord på opplevinga vi hadde i lag der vi åt nysprengt lettsalta torsk med poteter og laukkompott bada i store mengder smør midt i hjartet av norsk pornonatur. Så vekke var vi at vi berre fekk med oss hekken på Hurtigruta der ho var på veg ut fjorden etter å ha vore inne og snudd utan at vi fekk det med oss i fråtsinga. Ein sjeldan fin augneblink. Avecen fekk vi med oss dog.
(ha)Lofoten
Medan eg og Lisa bussa oss vestover Lofoten mot Å (dette er ein plass, ikkje ein skrivefeil) sette Bjarne, Erlend og Ida kursen sydover mot Bodø. Denne gongen var planen å krysse Vestfjorden mykje mindre vest enn dei freista sist gong. Kaptein med knekt mast og så vidare. På vegen til Bodø hoppa Ida av då ho og Lisa måtte nå toget frå Bodø til Trondheim dagen etter, då dei hadde bestilt fly frå Trondheim, som var reisas eigentlege mål, på søndagen. Å (framleis ikkje skirvefeil) hadde mykje spanande å by på, blant anna lokal smedkunst frå Danmark, tørrfiskmuseum med eksentrisk bestyrar som baud på gratis kjeks og kaffi samt eit bakerimuseum med rykande ferske skillingsbollar og rundstykke til sals. Det var difor med rykande fersk bakverk i magen vi på laurdagen la ut på gåturen mot Moskenes der vi skulle borde ferja til Bodø.
Det underteikna hadde vurdert til ein 20 minutters kjapp gange rundt første neset viste seg sjølvklårt å verte mykje lenger. Det er som å gå på fjellet. Der er det alltid ein ny topp bak den du trudde var toppen. På kysten er det alltid eit nes til. Og der du har nes, har du bukter. Turen vart med andre ord litt meir omfattande enn først planlagt, men til slutt hadde vi bubilarmadaen på Moskeneset i sikte og vi kunne gire ned. Lisa var svært imponert over bragda vi hadde gjennomført og ville vite kor langt vi hadde gått.
Det e veldig viktig å vite kor langt ein har gått.
uttalte ei tydeleg fornøgd og parkert Lisa på soldekket på ferja ”Værøy”.
Ferske reker smakar godt uansett kor langt ein har gått. Akkompagnert av duggfrisk Nordlandspils og sjokkerande beretningar om marihuanamisbruket blant ungdom i Tyskland, vart dette sikkert ei perfekt ferieavrunding for Lisa. Eg derimot skulle vere med på sjanseseilasen endå ei stund.
Siste reis
Det byrja bra. Vi la ut på sørleg kurs omtrent ved midnatt på søndagen etter først å ha fått omvisning på ein båt av same type som kaptein Hovland no var den mindre stolte eigar av.
Båten, som er av typen ”Great Dane” og som heiter “Victoria”, går som ein kjøter i vatnet og er ein av 3 som finnast i Noreg. No var altså to av dei i same hamna på same tid og som vanleg når galne folk med samanfallande maniar møtast måtte det inspiserast, meinast, synsast, skrønast og utvekslast telefonnummer med lovnad om vidare kontakt i framtida. Naturleg nok kasta nok kaptein Hovland misunnelege blikk på masta ved omvisinga då den var heilt utan knekk, bøy og svai. Motoren vart og behørig inspisert og her burde nok kapteinen ha plukka opp litt dieselmotorlærdom når han hadde høvet.
Med midnattssol og svak medbør i ryggen bar det som sagt sydover. Stemninga var oppløfta. Motoren gjekk som ei klokke, veret var fint og utsiktene til ein fin tur sørover til Nidaros var gode. Med knapt 5 knop forover hadde til og med sjølvlærde navigatørar gode moglegheiter for å navigere farkosten trygt nedover leia utan urovekkande stor sjanse for grunnstøyting eller kollisjon med Hurtigruta. Apropos grunnstøyting så var ikkje “Victoria” heilt framand for dette heller. Ho hadde stifta bekjentskap med både sand og norsk grunnfjell på vegen nordover.
Natta gjekk og dagen var også på hell. ”Hu hei, kor det går”, tenkte vi der vi låg og fiska middag utanfor Sandnessjøen.
Om vi peisar på kjem vi oss til Brønnøysund på 6 timar.
sa ein ikkje namngjeven person på torskegrunna rett vest av Sandnessjøen.
Som sagt så peisa. Med Bjarne til rors, Erlend i byssa og meg lettare henslengt i cockpiten stima vi sørover det maskina makta. Og vel så det.
Hels på mr. Murphy
Eg gløymer aldri det stive paniske blikket til Bjarne i det han observerte den uvanleg store kvite røykskya som kom ut av eksosen akter.
Stopp motoren!
gaulte han, kasta seg ned og kylte gassen i horisontalen. Frekvensen på Sabben vart mindre heilt til den stogga heilt og stilla omgav oss. Erlend stakk hovudet opp frå byssa og lurte på kva som no hadde skjedd. At motoren truleg nok ein gong hadde havarert tok han med fatning. Han sukka resignert og dukka ned att i byssa for å leite fram verktyget. Via telefon vart motoren undersøkt av dieselmotorguru Bjarte Melvær Berge, som også kan titulere seg som far til den mykje omtala Bjarne. Diagnose vart stilt: Ei pakning i kjølevasspumpa hadde truleg teke kvelden med det resultat at eksosen ikkje lenger vart avkjøla, noko som førte til brannutvikling i eksosslangen. Ein godt brukt Sabb Diesel- brukarmanual var no henta fram frå skuffa og kjølevasspumpa vart grundig analysert av ein gjeng hobbymekanikarar.
Å reparere dieselmotor på små flater er ein kunst få beherskar så godt som Bjarne og Erlend i parløp. Der Erlend ikkje når i må Bjarne til pers med dei slanke puselankane sine. Med det sagt var det heller lite fint å sjå på om bord i seglbåten ”Victoria” den kvelden. Dei to mekanikarane bytta på å stå med hovudet i motorrommet og med hekkar i været og rørleggarsprekker i alle himmelretningar akkompagnert av ein kakofoni av obskøn grynting og bannord var det ei spesiell stemning om bord den natta. At Erlend nytta høvet til å misse svært små delar ned i eit relativt stort motorrom, samt skubbe essensielle gjennomgåande motordelar inn i motorens indre og svært trange holrom, letta heller ikkje på stemninga.
Motoren starta faktisk ved første igongsveiving etter naudreparasjonen i akevitt sjø. Igjen kunne den liflege lyden av snekke varma slitne sjeler syd for Sandnessjøen. Og atter ein gong skulle stilla omgi slitne sjeler syd for Sandnessjøen.
Av frykt for å hekte lemer og gevantar fast i hurtig roterande motorkomponentar, stogga vi maskina før vi byrja å setje på plass motordekselet. Ved neste oppstartsforsøk, denne gong med elektrisk tenning, gav motoren seg etter eit stempelslag. Eit dumpt båtskakande *DUNK* seinare kommenterte Bjarne:
Ditta va ikkje slik det skulle låte.
Erlend repliserte:
Nei.
No var likviditeten sterkt svekka og råd måtte kjøpast på billegsal. Vi valte difor å taue 3 tonn seglbåt med 6 fot gummijolle propellert av 4 hk Mariner påhengsmotor. Å knytte seglbåten fast i jolla viste seg snøggt å vere håplaust. Det var som å kaste Erik ”Myggen” Mykland inn i ringen mot Mike Tyson på fleinsopp. Seglbåten gjekk i ei retning medan jolla gjekk i alle andre. Resultatet vart at Bjarne, sitjande med beina spent imot akterskottet i jolla, måtte halde trossa med begge hendene og bokstavleg tala styre 3 tonn seglbåt med eiga muskelkraft. Dette var, i følgje Bjarne, svært trøyttande. Når vi i tillegg gjorde friske 0,5 knop samt at vi var i akevitt sjø, der man ser land men feilvurderer avstandar katastrofalt, tok dette både tid og krefter. Spesielt Bjarne sine. Erlend låg på dette tidspunktet og sov ut ein rus av fatalistisk fortviling medan eg sat til rors i seglbåten og streva med å halde meg vaken.
Blås(e)!
Eg er usikker på kor mange timar det tok å kome seg til land men sola hadde vore oppe ei god stund då vi dreiv inn i den vesle bukta vi hadde sett oss ut til naudhamn. Vi fortøyde i ei av dei mange forlokkande blåsene som var lagt ut på bukta og gjekk og la oss. Det var meldt kuling utpå dagen så vi rekna med å måtta halde oss i ro ei stund.
Omkring 6 timar seinare vakna eg som førstemann. Eg kika ut babord byssevindauge og såg ope hav. Ein gløtt ut styrbord vindauge avslørte det same. Kva som hadde hendt var opplagt, men eg gjekk ut i cockpiten akter og kika meg rundt for å forsikre meg om at nok ei katastrofe var eit faktum. Ganske riktig. Vi låg vi og dreiv midtfjords og, etter avstanden til land å døme, hadde gjort dette i mange timar. Ei kvit blåse låg og rulla bedageleg frå side til side på fordekket og ein kort tautamp blafra lett i brisen ut frå fremre bauggatt. Det var berre å innsjå at sterke makter ikkje ville at seglbåten Victoria skulle attervende til Trondheim for eiga hjelp.
Resten av mannskapet tok bodskapen med knusande ro og oppgitte smil om munnen. Stoda var no så komisk at ein kunne ikkje la vere å le av det heile. Likevel var dette truleg den fårlegaste episoden på heile turen. Vi kan truleg takke godt ver og gunstig vindretning for at vi ikkje vakna opp med vatn på feil side av skroget.
*host* hjelp.
Heilt utan framdrift og styring var det no klart at det måtte telefonerast litt til redningstenesta att. Erlend fekk den tvilsame gleda av å trykke på den store raude knappen på VHF’en, kanal 16, naudfrekvensen. For større båtar er det lytteplikt på denne kanalen og i tillegg lyttar svært mange fritidsbåtar også. Situasjonen vår vart difor fort kjent blant dei fleste båtar frå Trondheim i Sør til Vadsø i nord. Vi fekk slepehjelp av ein nordgåande brønnbåt som høyrde vårt spede rop om hjelp der vi låg drivande midt i leia. 10 knop er truleg ein uslåeleg rekord for ”Victoria” der ho fossa nordover i kjølvatnet av brønnbåten.
Vi vart tekne imot av Sandnessjøens lokale fyllikar, som betrakta gjestebrygga som den finaste puben i byen når det var godt ver. Andre skodelystne, som hadde høyrt om havariet på VHFen, stakk bortom og lura fælt på kva som hadde skjedd. I tillegg til alt som hadde skjedd før på turen, kunne vi no leggje til nok eit motorhavari samt eit fortøyningshavari.
For min del enda turen der. Eg tok fly frå Sandnessjøen til Trondheim og buss til Florø, der eg definitivt forlot det våte element og stakk til fjells. Nok ein gong vart turen minnerik og det vert aldri kjedeleg på tur med Bjarne og Erlend. Mykje av det som hender er så hysterisk usannsynleg at det er umogleg å forberede seg på det. Kombinerer ein dette med slett planlegging tileignar ein seg fort mykje livserfaring frå slike turar. For som ein vis mann ein gong sa:
Erfaring er feil man lærer av.
Her lyt eg føye til:
Det er også kjekt om ein overlever.